I førebels siste episode i debatten i Studvest mellom Erik Skare frå Rød Liste og Ole Vevle, skriv Vevle at «så har jeg fremdeles ikke blitt noe klokere når det gjelder hva som er forskjellen på en antisemitt (jødehater) og en som vil nekte jøder å bo i en jødisk stat.» For å oppklåre den forvirringa Vevle har, så har taktikken hjå hans reaksjonære kampfeller i sionismens ideologi (ideen om Zion, guds utvaldeland og folk, og etablering av ein slik stat), alltid vore den same. At all kritikk av sionismen og no nyleg grunnlovsfesta plikt til å skrive under ei lojalitetserklæring for å verte israelsk statsborgar, altså til ein etnisk jødisk stat, har konsekvent vorte stempla som antisemittisme. Ein ting til, kva er ein semitt? Omgrepet antisemitt har vore misbrukt heile tida etter 2. verdskrigen. Det er nemleg mange folkeslag i Midtausten som er semittar, Vevle, mellom anna palestinarar, libanesarar, jordanarar, syrararar.
Vevle skriv vidare at Skare har mange feillesningar av teksten hans: «Så for å presisere: kritikk mot Israel er ikke antisemittisme, som jeg heller ikke har antydet. Jeg har heller ikke beskyldt Rød Liste for å ha utført folkemord (sic.), derimot påpeker jeg at den ideologien som Rød Liste representerer har resultert i folkemord.» Det er nettopp det Vevle gjer. Kritikken mot Israel som ein stat med full statsborgarrettar berre for jødar, er for Vevle det same som antisemittisme. Ideologien som Rød Liste står for, kan ikkje Vevle ha særleg greie på, og dessutan drep ikkje ein ideologi, det er det menneska som gjer.
Har Vevle vore i Israel eller Palestina? Her er i alle fall eit inntrykk frå ein tur eg hadde til området denne hausten: Å snakke om samhandling i denne konflikta i Midtausten er for å seie det mildt, absurd. Den eine parten er sterkast på alle måtar, den andre ikkje, den eine er sjølvgod, den andre stolt, den eine frekk og sleip i sine metodar, den andre makteslaus, den eine okkupant, den andre okkupert. Slik kan ein halde fram og peike på det eine etter det andre som forklårar skjeivheita mellom det som mykje av det internasjonale samfunnet og mainstream media yndar å kalle likeverdige partar. Snakk om bedrag! Skulle liksom Noreg som okkupert vera likestilt med okkupanten Tyskland ...
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.