Mest aktive brukere »

Debatt.

Ja til den engasjerte dugnadsånda!

SOLGUNN SLÅTTO
Sist oppdatert: 06.10.10 kl. 01.28

Samfunnet-leiar Pål Andreas Sætre skreiv i førre utgåve av Studvest om dei stadig fleire lønna stillingane som finst i studentkulturen i Bergen, spesielt innaføre prosessen i sjølve fordelinga av semesteravgifta kvar student betalar. Det er bekymringsverdig med ei slik utvikling, der fokuset sklir trinnvis over frå engasjement og idealisme til betalte stillingar. Står det verkeleg så dårleg til med dugnadsånda blant bergensstudentane at ein ser seg nøydd til å lønna sentrale stillingar – frå semesteravgifta?

Idealistisk engasjement er krevjande. Det tek opp mykje tid og krefter, og skubbar ofte bort pensumlesing. Likevel er det typisk bergensstudentar å levera i både pose og sekk – ein ser den store verdien som ligg i friviljug arbeid, i tillegg til at ein set seg store mål i studiane. Lånekassen gjer òg at ein kan driva med friviljug arbeid framføre ein betalt deltidsjobb – å sysla med mange ting samstundes er ikkje eit ukjent fenomen for norske studentar. Det er då urovekkjande at stadig fleire av stillingane innaføre dette miljøet i Bergen må lokkast med løn. Ein tenderer mot ei nedriving av haldningane og motivasjonen som lenge har drive «den norske dugnadsånda», tufta på tanken om å byggja kultur saman.

På Hulen er me 140 friviljuge som alle jobbar på pur idealisme (unntak er forretningsførar og lys- og lydteknikar som har spesielle krav til profesjonalitet, og der lønna vert teken frå drifta sjølv og ikkje studentane si semesteravgift). Det er ingen skilnad om ein bruker fem eller 20 timar i veka på arbeid knytt til Hulen, og alle jobbar for den same motivasjonen og drivkreftene: det gode sosiale miljøet, gratis konsertopplevingar, internprisar, viktig erfaring og ikkje minst det å driva ein viktig kulturinstitusjon saman – på same premissar.

Det er klart at ei lønna stilling på Hulen ville gjort at personen kunne jobba fulltid og via all sin innsats i drifta – men gjennom ei delegering av ansvars- og arbeidsoppgåver kan ein unngå dette, og heller vera fleire om det. Ei slik fordeling er med på å skapa nettopp denne unike, kollektive skapargleda – ikkje minst sjølve tanken på at alle er likestilte og får same «betaling».

Den friviljuge innsatsen som norske studentar står bak, gir oss eit unikt og breitt kulturtilbod få land kan visa til. Og privilegerte som me er, med økonomisk stønad og sikkerheitsnett i velferdsstaten, har me høve til å leggja arbeid og innsats i arbeid som ikkje gir oss pengar, men opplevingar og erfaring, tilbake. Lat oss ikkje stilla på lik line med profesjonelle aktørar, som Sætre i sin kronikk sa det, ved å lønna fleire stillingar, men heller dyrka friviljugheita og den unike drivkrafta som ligg i den.

Fakta
  • Solgunn Slåtto er leder for Hulen.
  • I forrige nummer av Studvest stilte Samfunnet-leder spørsmål ved flere av de lønnede vervene i Student-Bergen.
  • Slåtto vil «dyrka friviljugheita og den unike drivkrafta som ligg i den».

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.