Mest aktive brukere »

Debatt.

Kjønnskvotering set demokratiet til sides

HANNE KVILHAUGSVIK
Sist oppdatert: 04.05.11 kl. 01.31

Veka før påske var det val av to studentrepresentantar til styret til Universitetet i Bergen (UiB). I år fekk valet eit dramatisk utfall då kandidaten med nest flest røyster blei kjønnskvotert ut fordi han var mann – i staden gjekk plassen til meg fordi eg hadde «rett» kjønn.



Det er ein trist dag når det ikkje lenger er lov å tapa eit val viss ein er så heldig å ha «rett» kjønn. Reglane om kjønnsbalanse krev nemleg at det skal vera éin mannleg og éin kvinneleg studentrepresentant i Universitetsstyret. Sjølv om veljarane i år gav flest stemmer til to menn, blir det altså likevel eg som skal sitja i styret, fordi eg er kvinne. Ein endrar i praksis på valresultatet for at det skal passa med ei oppfatning av at den viktigaste eigenskapen ein person har er kva for kjønn ein er fødd med. Ved UiB er eg først og fremst ein student, men eg er òg kvinne. Det tyder likevel ikkje at mine interesser ikkje ville blitt tatt vare på av to mannlege studentrepresentantar. 


Studentrepresentantar i råd og utval er der for at me skal fremma studentane sine interesser og perspektiv. Me er ikkje først og fremst representantar for vårt eige kjønn. Representantane skal ha demokratisk legitimitet. Reglane om kjønnskvotering gjer at det ikkje er studentane sin føretrekte kandidat som no skal representera studentmassen. Sånn kan me ikkje ha det. Me må ha så mykje tru på og respekt for veljarane og valresultat at me ikkje set demokratiet til sides til fordel for heilt andre omsyn. Til trass for kjønnskvoteringa, gleder eg meg til å ta fatt på å representera studentane  – både dei mannlege og dei kvinnelege.

FAKTA
  • Hanne Kvilhaugsvik er nyvalt studentrepresentant i Universitetsstyret ved UiB.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.