Mest aktive brukere »

Debatt.

Kravstort?

HANNE KVILHAUGSVIK
Sist oppdatert: 06.10.10 kl. 01.58

Arbeidskrav i mange emne kan vera slitsame å oppfylla, og gode å bli ferdige med. Men kva om du endar opp med å ta eit fag på nytt?

Arbeidskrav finn ein ofte i form av semesteroppgåver eller andre skriftleg arbeid i løpet av semesteret. I nokre emne har ein ikkje arbeidskrav i det heile tatt, i andre emne er arbeidskrava høge nok til at dei kunne tilsvart ein heiltidsjobb i seg sjølv. I dei fleste tilfelle er arbeidskrava iallfall litt slitsame, men mest lærerike – og det er alltid godt å vera ferdig med dei.

Men kva skjer så om du av ein eller annan grunn tar eit fag på nytt? Må du då gjera alt på nytt ein gong til? Det høyrest jo veldig tungt ut, spesielt om du må gjera det samstundes som du tar nye emne?

Heldigvis er det som regel ikkje naudsynt å oppfylla arbeidskrava på nytt. Arbeidskrava er nemleg gyldige i to semester etter det semesteret dei er godkjent i, med mindre anna er spesifisert i studieplanen. Dermed er det ikkje naudsynt å gjera arbeidskrav, som til dømes ei svær semesteroppgåve, om igjen viss du må eller vil ta faget på nytt i løpet av dei to neste semestera. Sånn sett er det iallfall éin ting mindre å uroa seg over om du må eller vil ta faget på nytt!

Fakta
  • Hanne Kvilhaugsvik er fag- og forskningsansvarlig i Studentparlamentet ved UiB.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.