Mest aktive brukere »

Debatt.

Kven skal ta seg av yngrebølgja?

Tekst: HANNE KVILHAUGSVIK
Sist oppdatert: 15.10.10 kl. 14.20

Tysdag 5. oktober la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett. Det er lagt fram forslag om 2200 nye studieplassar, dei fleste av desse går til høgskulane. Tyder dette at universiteta ikkje skal vera sentrale for studieplassar til den kommande yngrebølgja?

Av dei 2200 nye studieplassane går berre 435 til UiB, NTNU og UiO – mindre enn ein femtedel av dei nye plassane. Dei fleste av dei nye studieplassane går til høgskulane. Dette kan lett tolkast som eit signal om at færre i framtida vil ha moglegheit til å ta høgare utdanning på universiteta.

Mange vil nok meina at det er synd at det ikkje ser ut til at universiteta skal ha ei sentral rolle i samband med den kommande yngrebølgja innanfor høgare utdanning. Eit anna poeng som ikkje har fått så mykje merksemd endå, er rolla høgskulane skal spela i samband med yngrebølgja. Ein ting er om regjeringa ønskjer at høgskulane skal vera tilbodet til mange av dei nye, kommande studentane – men korleis går det opp når det i dag er så stor interesse blant høgskulane for å bli universitet?

Yngrebølgja kjem til å komma, uansett kva me synst om det eller kor godt førebudde me er. Det er bra for samfunnet at mange ønskjer å ta høgare utdanning, men med dette statsbudsjettet blir det svært viktig at ein har ein grundig debatt om kva for rolle universiteta og høgskulane skal spela i samband med yngrebølgja. For kva hjelper det om høgskulane blir bedd om å ta seg av bølgja når så mange av høgskulane sjølve ønskjer å bli universitet?

Fakta
  • Hanne Kvilhaugsvik er fag- og forskningsansvarlig i Studentparlamentet ved UiB.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.