Studentutvalet ved HF (HSU) reagerer sterkt på Studentlisten sin påstand i valgavisbilaget til Studvest om at lista «er forankret i studentutvalgene». HSU ynskjer ikkje å støtte nokon av listene, men håpar at våre studentar brukar stemmeretten og stemmer på den lista dei personleg meiner fører den beste politikken. HSU ser det ikkje som naturleg at eit studentutval skal gå inn for å støtte ei liste framfor ei anna. Eit studentutval skal representere alle studentar på sitt fakultet, og bør soleis vere både partipolitisk og listepolitisk uavhengig.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.