Formyndarstaten slår til igjen. Den nye vaktlova frå regjeringa gjer at utestader ikkje lenger får lov til å bestemma sjølve kven dei vil ha i døra.
Dørvakta på di lokale skjenkjestove, utan omsyn til om dette er Kvarteret, Biskopen eller Metro, må etter lovendringa vera ein tilsett i eit registrert vaktselskap med dyr vaktutdanning og ei rekkje andre krav. Det blir dyrare og vanskelegare å halda dørene opne for studenthus og små utestader som held utelivet levande året rundt på små marginar.
Studvest skriv 27. oktober om korleis lova skaper hovudbry for leiarane i Hulen, Kvarteret og NHHS. Etter alt arbeid, kreativ innsats og ikkje minst pengar som går med til finna nye måtar å organisera vakthaldet på, vil resultatet i beste fall bli eit like godt tilbod som det me har i dag. I verste fall vil studentane få eit fattigare uteliv og kulturtilbod å boltra seg i.
Dei nye krava i vaktlova framstår for alle involverte som unaudvendig regulering som ikkje løyser nokon problem, men lager ti nye i staden. Difor gjekk eit samrøystes landsmøte i Unge Venstre nyleg inn for at heile lovendringa burde reverserast.
Den raudgrøne regjeringa styrer etter prinsippet «skyt først, spør etterpå». Dei lagar nye lover og reglar utan å spørja dei det gjeld om korleis lovene vil slå ut. Når det så blir kjent at lovene har konsekvensar politikarane ikkje hadde tenkt på, er det om å gjera å finna ein veg å snu. Dette mønsteret såg me sist i biodieselsaka og den planlagte endringa av studiestøtteutbetalinga. Òg i vaktlovsaka har regjeringa opptrått svært lite gjennomtenkt.
Lovendringa var ein dårleg idé. Regjeringa bør snarast innsjå dette og trekkja forslaget, eller i det minste gi henne ei form som lar studentorganisasjonane sleppa dei førespegla konsekvensane. Me treng eit mangfaldig og trygt uteliv, og kan ikkje risikera endringar som råkar frivilligheita.
Ellers er det berre å seia at folket si politikarforakt i dag er eit mindre problem enn dei styrande politikarane si folkeforakt.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.