Mest aktive brukere »

Debatt.

Nokre ord om 22. juli

KNUT KNAPSKOG
Sist oppdatert: 30.08.11 kl. 23.56

Det er no over ein månad sidan terroren på Utøya og i regjeringskvartalet fann stad. Vi er framleis i sjokk over at noko slikt kunne skje.

 

Våre tankar går ut til dei drepne sine familiar, til medlemar av AUF, og alle andre som har mista gode vener.

 

Spesielt må Tore Eikeland nemnast. Han var eit stort politisk talent, student ved universitetet her i Bergen, og han stod på Sosialdemokratisk liste ved studentparlamentsvalet. Med hans bortgang har studentpolitikken, UiB, og samfunnet elles mista ein dyktig fagperson og politikar, og eit omsorgsfullt medmenneske.

 

Tapet av så mange unge, lovande og engasjerte personar har laga eit tomrom i hjarta på heile det norske folket. Dette holet må fyllast med omsorg og toleranse for kvarandre.

 

Hendingane var forferdelege, og kan ikkje utelukkande sjåast på som eit angrep mot AUF eller regjeringa. Angrepet trefte på same tid viktige demokratiske verdiar som det norske politiske systemet byggjer på.

 

Utan forum som AUF sin sommarleir, der politisk engasjert ungdom kan møtast for å fritt diskutera politiske spørsmål, vil dette systemet slutta å fungera.

 

AUF-ungdomen har tru på at open debatt og politisk engasjement kan forandra samfunnet, og gjera det betre.

 

Vi i Sosialdemokratisk liste ser på det som vår plikt å heidre minna av dei omkomne gjennom å ha tru på det same, og vil halde fram med å engasjere oss. På same tid oppfordrar vi alle andre til å gjera det same.

FAKTA
  • Knut Knapskog er leiar

    for Sosialdemokratisk liste i Studentparlamentet ved UiB.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.