Mest aktive brukere »

Debatt.

Om Occupy-rørsla og framandgjeringa av menneske

Tekst: ØYVIND WIIK HALVORSEN
Sist oppdatert: 22.02.12 kl. 02.12

Fredag 17. februar var eg tilhøyrar til Studentersamfunnet sine paneldebatt om Occupy-rørsla og deira manglande oppslutnad i Noreg. Sjølv må eg vedgå at inntrykket mitt av denne rørsla framleis er noko uklårt i høve målsettingar og arbeidsforma dei har valt. Likevel vil eg rose dei, særleg representanten frå Bergensavdelinga av Occupy-rørsla, for å trekkje omgrepet framandgjering inn i debatten. Det vesle innlegget han haldt klarte å setje ord på ei kjensle av avmakt som eg og truleg mange fleire kjenner. Avmaktskjensla har vorte endå større når ein tydeleg ser korleis den økonomiske og teknologiske utviklinga står langt utanfor vår kontroll. Vi kjenner oss som små menneske. Dette skaper ei sterk kjensle av framandgjering.

Eg tek meg ofte i å tenkje at det økonomisk-teknologiske systemet ikkje ser ut til å fremje våre interesser som menneske. Eg tykkjer vurderingane for kvifor vi stadig treng økonomisk vekst og betre teknologiske nyvinningar ikkje speglar haldningane, kjenslene og uroa som vi som bur i samfunna ramma inn av vekstregimet kjenner og har. Brått er det ikkje dei menneskelege omsyna som veg tyngst, men heller argumenta frå ein eigen, lukka logikk som systemet sjølv følgjer. Denne marknadslogikken, som eg vel å kalle han, opptrer reduksjonistisk overfor omsyn til menneske og natur, og skaper ikkje rom for etisk refleksjon kring kvifor vi handlar som vi gjer. Den tving seg også inn i alle delar av samfunnet og varegjer det meste kring seg. Følgjesvennen til marknadslogikken er teknologiimperativet – ideen om at dersom vi har teknologi til å gjere noko, så er det god nok grunn til å gjere det. Det gjer det til dømes mest umogeleg å problematisere utvinning av olje. Av di teknologien er der, og det er lønsamt for oss (på kort sikt), bit ikkje andre argumentasjonsformar på aktørane.

Saman verkar det som om marknadslogikken og teknologiimperativet skapar det ein kan kalle ein indre systemtvang – systemet går av seg sjølv og treng ikkje rette seg etter andre omsyn enn dei systemet sjølv skaper. Det verkar også innbyrdes forsterkande og ugjennomtrengjeleg for andre diskursar enn sin eigen. I denne utviklinga ligg nokre av hovudårsakene til den framandgjeringa og avmakta mange kjenner overfor det gjeldande. Eg er difor sympatisk til Occupy-rørsla fordi dei freistar å endre premissane for måten vi diskuterer økonomisk og teknologisk vekst på. Det gjeld særleg måten omgrepet framandgjering får oss til å sjå den menneskelege dimensjonen som lett fell utanfor vekstdiskursen.

Til sist vil eg seie at sjølv om ein ynskjer å problematisere økonomisk og teknologisk vekstideologi, tyder det ikkje at ein ber på antimoderne lengslar. Tvert om ser eg potensialet i teknologien dersom andre argument vert lytta til. Førebels er eg tvilande til at dette skjer og kjenner meg ikkje så altfor optimistisk for framtidsutsiktene.

Øyvind Wiik Halvorsen er masterstudent i nordisk litteraturvitenskap.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.