Ordskiftet kring SiB Sentrum har nådd høgda av merksemd – leiarplass i Studvest – og der kjem det klårt fram at heller ikkje Studvest stør studentane på Psykologisk fakultet. Før dei har mellom anna Studentparlamentet og Studentsamskipnaden argumentert for å halda fram drifta av SiB Sentrum, og i tillegg til det skreiv tusen studentar seg på eit rundskriv for å stø framhaldet av SiB Sentrum. Eg kan banna på at få av dei tusen går på Psykologisk fakultet.
Eg kan forstå at Studentsamskipnaden vil halda fram med drifta av sitt eige treningssenter, og eg kan forstå at Studentparlamentet vil ta seg av den store gruppa studentar – sjølv om dette er ei ripe i lakken for Studentlisten sitt image som ei liste basert på studentutvala. På desse få linene har eg greidd å skriva ordet «student» i overkant mange gongar, med ulike endingar. Det finst eit mylder av organisasjonar, institusjonar og meir som skal handsama denne enorme gjengen studentar. I det mylderet er det fare for at nokon druknar. I dette tilfellet er det psykologistudentane.
Studentutvalet har kjempa ein lang og hard kamp for fleire lesesalplassar og betre arbeidstilhøve. Sume trudde nok dei var ved eit paradigmeskifte då SiB skreiv under ein mellombels leigeavtale for lokalet til SiB Sentrum. Det ser ut som om ein i dag må vera passe naiv for å ha tru på at ein mellombels leigeavtale i røynda er mellombels.
Eg trur dei færraste av dei tusen studentane som skreiv under på rundskrivet for å ta vare på SiB Sentrum veit kor få lesesalplassar det er på Psykologisk fakultet, og kor mykje arbeid det fører med seg å studera der. Eg trur Studentparlamentet ser seg for blind på kost/nytte-analysar og gløymer sitt eige føremål. Eg trur studentutvalet og studentane på Psykologisk er rimeleg oppgjeve. Men alt dette er berre noko eg trur. Eg veit berre ein ting: Eg vonar studentane på Psykologisk får att for alt det harde arbeidet deira, dei har i alle høve nok av motstand.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.