Mest aktive brukere »

Debatt.

På tide å spandere?

GJERT KRISTOFFERSEN og LEIV EGIL BREIVIK
Sist oppdatert: 18.10.11 kl. 23.10

Leiarartikkelen i Studvest førre veka (12.10) refser Det humanistiske fakultet (HF) for ikkje å ville styrkje faga fransk og tysk når vi no ser ut til å overvinne den økonomiske krisa ved fakultetet raskare enn venta. No veit vi enno ikkje sikkert at vi er der. Vi må først sjå den avslutta rekneskapen for 2011, og vi har fått overraskingar før. Vi er likevel samde i at når betringa eventuelt er konstatert, gjev den oss moglegheiter til å styrkje undervisninga på alle fag. Men det er ikkje sjølvsagt at ei slik styrking skal kome i form av fleire faste stillingar.

Ein av grunnane til at fakultetet har kome gjennom den økonomiske krisa utan for mange opprivande konfliktar, har vore at vi tidleg såg at vi måtte få vedtatt ein bemanningsplan for heile fakultetet. HF har mange fag, og målet med planen var å finne fram til ei best mogleg fordeling av stillingsressursane på desse faga i ein situasjon der det var naudsynt å redusere det totale talet på faste stillingar. Sidan grunnfinansieringa til fakultetet i svært stor grad er knytt til fullfinansierte studieplassar, må denne fordelinga ta omsyn til studenttilstrøyminga på dei ulike faga. Bemanningsplanen blei heller ikkje laga berre for dårlege tider, den skal òg gjelde i gode tider og hindre at vi hamnar i same økonomiske uføret på nytt.

Dette vil seie at skal fag få ein auke i dei faste stillingsressursane, er hovudregelen at rekrutteringa må aukast. Det er eit paradoks at fag som fransk og tysk blir redusert når det samstundes utan tvil finst eit stort behov i samfunnet for språk- og kulturkompetanse knytt til tysk- og fransktalande samfunn (og til mange andre samfunn). Fakultetets utfordring er å finne fram til korleis vi kan møte dette behovet og dermed leggje grunnen for betre rekruttering. Det har vi ikkje greidd til no, men det er her den sentrale utfordringa ligg.

Både fransk og tysk høyrer med til fagporteføljen til eit breiddeuniversitet. Det er elles ikkje slik at vi har «viktige» språkfag som fransk og tysk på den eine sida og «populære» fag som japansk på den andre. Alle språkfaga ved fakultetet er viktige.

Ein svært uheldig følgje av den økonomiske krisa var at seminarundervisning, særlig på 100-nivå, blei redusert på mange fag. Sjølv om det skal vere dei faste, vitskapleg tilsette som har det faglege ansvaret, kan sjølve undervisninga i svært mange høve gjevast av mastergradsstudentar eller mellombels tilsette. Om den økonomiske situasjonen no løysar seg, må vi sjå på i kva grad vi kan styrkje seminarundervisninga att. Vi er samde i at best mogleg oppfølging av begynnarstudentar kan bidra både til mindre fråfall og til betre studieresultat for dei som gjennomfører. Men også her gjeld prinsippet av vi ikkje kan bruke meir pengar enn det vi kvart år får frå universitetsstyret. Same kor stor eller liten ramma er, er den fast. Det betyr at aukar vi ein stad, må vi redusere ein annan.

FAKTA
  • Gjert Kristoffersen er dekan ved Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Bergen.
  • Leiv Egil Breivik er instituttleiar ved Institutt for framandspråk ved HF.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.