I dei siste utgåvene av Studvest har leiar for Studentersamfunnet, Pål Andreas Sæthre, leiar for Hulen, Solgunn Slåtto, og tidlegare listekandidat for Radikal Liste, Simen Willgohs, teke opp viktige tema kring studentengasjement og studentaktivisme. Når avstanden mellom studentane og «student»leiarane aukar, minkar engasjementet blant studentane.
Raud Liste trur ikkje låg valdeltaking skuldast lite politisk engasjement eller innsikt, men at Studentparlamentet synest å vere eit fjernt og uviktig organ for studentane. Dette skuldar Simen Willgohs i førre Studvest på politikken ført av Studentlisten. Tendensane han peikar på kan Raud Liste vere samd med han i, men det var låg valdeltaking også før Studentlisten, så det nyttar ikkje å berre skulde på dei.
Som han skriv må Studentparlamentet ta opp saker som handlar om meir enn skapplass på lesesalane. Det er, tru det eller ei, delar av livet til studentane som føregår utanfor dei tjukke veggane som murar fabrikkstudentane inne. Nemde Pål Andreas Sæthre og Solgunn Slåtto veit dette betre enn dei fleste, som får sjå engasjerte og dedikerte studentar kvar einaste dag. For det er eit enormt engasjement i studentmassen som Studentersamfunnet og Hulen, med fleire, greiar å vekke, men som Studentparlamentet ikkje greiar.
Når dei skriv om frykta for betalte stillingar i friviljuge organisasjonar trur eg på dei, for det er ein tendens at engasjementet er større i dei friviljuge organisasjonane enn i Studentparlamentet og at Studentparlamentet allereie har skapt ein distanse mellom studentane og politikarane. Kanskje burde Studentparlamentet ta lærdom frå dei friviljuge organisasjonane i staden for den andre vegen.
Lik som Radikal Liste, Hulen og Studentersamfunnet, meiner Raud Liste at kvar einskild student kan vere med å skape noko og gjere ein skilnad i studenttilværet. Slik Solgunn Slåtto og Pål Andreas Sæthre gjer uttrykk for, bør ein dyrke dette og ikkje gje opp slik Radikal Liste og Simen Willgohs gjer.
Studentane må ta attende studenpolitikken og ikkje overlate det til politikarane.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.