Mest aktive brukere »

Debatt.

Sosialdemokratane sitt syn på kjønnskvotering

KNUT KNAPSKOG
Sist oppdatert: 06.04.11 kl. 00.35

Tilhøvet mellom menn og kvinner på professornivå på dei norske universiteta er sørgjeleg lesing. Meir enn 80 prosent av desse stillingane er fylt av menn. Sosialdemokratane meiner at mangfald innanfor forskings- og undervisingsmiljøa er naudsynt for eit velfungerande og nyskapande fagmiljø. Kjønn er eitt av perspektiva ved dette mangfaldet, og vi meiner difor at det må jobbast aktivt for å jamne ut denne skeivfordelinga av professorstillingar.

Fleirtalet i Studentparlamentet, med Studentlisten i føringa, synest å vere einige i at dette er eit problem, og har jamvel slått fast i arbeidsprogrammet at dei vil jobbe for å «fremme reell likestilling» ved universitetet.

Dette er vel og bra, noko som diverre ikkje kan seiast om midlane dei er villige til å bruke for å oppnå målet – tilsynelatande ingenting. Tvert om ynskjer dei at inga kvotering skal skje. Bak dette ligg det, må ein gå ut frå, eit håp om at skeivfordelinga av kjønna vil jamne seg ut utan noko form for politisk styring. Sosialdemokratane meiner for det fyrste at dette er eit naivt standpunkt.

For det andre vurderer vi det som parodisk at Studentlisten kan vere med på ei slik prinsippytring, samtidig som det gong på gong frå deira hald vert understreka at dei er partipolitisk uavhengig, og at studentane sine interesser er fyrste og einaste prioritet.

Partipolitisk uavhengig? Greitt det. Ideologisk, derimot, så plantar ytringa seg eit godt stykke inn på høgresida, og det er i så fall med dette utgangspunktet at ein kan hevde at det er i studentane si interesse å fullstendig sjå vekk frå kjønn, etnisitet, og så vidare ved tilsetjing.

Sosialdemokratane ynskjer derimot å halde på reglane om moderat kjønnskvotering. Dette vil seie at tilhøve som kjønn kan leggjast vekt på mellom kandidatar med like faglege kvalifikasjonar.

FAKTA
  • Knut Knapskog står på lista til Sosialdemokratane ved valet til Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.