I Studvest 01.03 kjem Heidi Fuglesang i Høyres Studenterforening (HSF) med sin analyse av rekruttering til høgare utdanning. Den har nokre positive trekk, men eit par vesentlege manglar. Eit openbert problem er at ho tek feil. På den positive sida er det kjekt å sjå at sjølv HSF har fått augo opp for ein meir planlagt økonomi.
Ein påstand er at «[o]ver en fjerdedel av de med utdanning innenfor humanistiske og estetiske fag er arbeidsledige, og 12,3 prosent i irrelevant arbeid». Det er ei sanning med modifikasjonar. Tala til Fuglesang er frå ei undersøking som ser på arbeidssituasjonen seks månader etter fullførte studiar. Etter 18 nye månader er over 90 prosent i relevant arbeid. Arbeidsløysa er på relativt låge to prosent. Det er óg verd å merka seg at arbeidsløysa er gjennomgåande lågare for humanistar enn for naturvitarar (s. 36 i rapporten Fuglesang syner til). Det syner seg óg at humanistar med lang utdanning har mykje lågare arbeidsløyse enn korte profesjonsutdanningar som lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar. Truleg har arbeidstilhøva i dei yrkene innverknad på rekrutteringa, og det er ikkje lett å gjera noko med på Nygårdshøgda.
Når det gjeld målinga av relevant arbeid, vert det peika på i rapporten at det er ei subjektiv måling av kandidatane sine eigne oppfatningar, og at om lag berre halvparten har svara på dei spørsmåla. Det svekker signifikansen av resultata, og difor argumentet til Fuglesang òg. Påstanden om at Noreg ikkje treng fleire humanistar og samfunnsvitarar held rett og slett ikkje mål.
I UiB si eiga undersøking om kva arbeidskraft framtida treng, Kompetanse 2020, kjem det fram at klassiske akademiske dugleikar som teoretisk kunnskap og evne til kritisk tenking er det næringslivet spør etter. Undersøkinga blant arbeidsgjevarar syner at «faglig og teoretisk kunnskap og evne til å tenke kritisk og selvstendig [er] kandidatenes sterkeste kvalifikasjoner». Det kjem og fram at næringslivet vurderar det gamle hovudfaget som meir verd enn ein mastergrad, fordi tid til danning og refleksjon er svært viktig for å utdanna gode kandidatar. «Det er derfor nødvendig å kutte i antall studieplasser innenfor humaniora og samfunnsfag for å kunne satse tilstrekkelig på de områder hvor vi trenger økt kompetanse». Høgare utdanning er ikkje eit nullsum-spel. Som sagt, så syner Kompetanse 2020 at tradisjonelle akademiske dugleikar er etterspurd. Men det er mogleg at det finst rom for både teatervitarar og ingeniørar i ein og same arbeidsmarknad. Kanskje medievitarar, jazzdansarar og sjukepleiarar òg!
Tilbodet om tysk vert kutta på fleire universitet, og ved UiB, sjølv om det er ein sikker veg til fast og god jobb. Det er fordi så få studentar søkar seg til tysk, ikkje fordi det vert utdanna for mange. Finansieringsordninga har ført til ei auke i motefag, med ord som «globalisering», «internasjonal» eller «kommunikasjon» i tittelen. Dette har Morgenbladet og Norsk Tjenestemannslag synt for årevis sidan. Difor er eg heilt samd i at det trengs andre måtar å finansiera høgare utdanning på, men det er ikkje humanistane sin feil. Eg vil minna om at humanistiske fag vert kutta ved alle universitet i Noreg (sjå Morgenbladet sin artikkelserie frå i vinter).
Sjølv om det er mykje positivt med ei meir planlagt organisering av høgare utdanning, er det viktig at ikkje Heidi og resten av HSF planlegg seg blå. Det er vanskeleg å spå, spesielt om framtida, og me kan ikkje regulera oss inn i himmelen.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.