Turnusordninga er ein flaskehals i utdanninga av norske statsborgarar som vil bli legar, både for dei som tek utdanninga si i utlandet og i Noreg. Ein har sett ei ordning i sterkt forfall, der antal kandidatar meldt opp har auka drastisk dei siste åra, samstundes som antal plassar har vore tilnærma uendra. SAFH (Statens autorisasjonskontor for helsepersonell) har garantert for ei ventetid på 6 månader. Dette er no foreslått endra til 18 månader. Studentar som har tatt eksamen, og som er klare til å gå inn i ei turnusordning for å få autorisasjon, kan risikere å måtte vente 18 månader på å ferdigstille utdanninga si. Det er ikkje akseptabelt.
Forslaget frå Helsedirektoratet er i hovudsak berre eit rammeverk. Nmf er også klar over dette, og er tydelege på at strakstiltak må gjennomførast umiddelbart i dagens ordning. Samstundes som innhaldet i den nye ordninga må kome på plass før ei eventuell overgangsordning blir sett i gang.
Ved å innføre ei søknadsbasera ordning vil ein kunne favorisere norske statsborgarar i ein tilsettingsprosess. Ein vil sjølvsagt, også i tråd med Nmf sit vedtak, innføre ei ordning som i størst mogleg grad utlukkar diskriminering og nepotisme. Nmf er også klar over kva dette kan føre til for legedekninga i distrikta. Ein meiner likevel at sannsynet for at ein skal ende opp med legemangel i distrikta ikkje er reell, då ein i dag har rundt 1100 søkarar på 475 plassar.
I den nye ordninga seier direktoratet at antal plassar skal tilpassast behovet i helsetenesta. På den måten vil ein ikkje i realiteten risikere at norske medisinstudentar vil gå i fleire år utan å ha moglegheit for vidare spesialisering, sidan norsk helseteneste fortsatt treng fleire legar. I eit samfunnsperspektiv ser ein at det er naudsynt å ta standpunkt i forhold til kor mange legar Noreg vil utdanne, både gjennom studieplassar og studiefinansiering. Nmf er tydelege på at ein må få autorisasjon etter studiet i eit slikt system, men legg vekt på at ein ikkje vil kunne praktisere sjølvstendig utan å ha gjennomført basistenesta. Det er viktig å understreke at Nmf meiner den nye tenesta må vere tufta på kvalitet.
Norsk Medisinstudentforening vedtok på landsmøtet å ikkje «legge seg på rygg», men å ta aktivt del i den debatten som no er sett i gang. Ein vedtok å stille seg positiv til søknad, nettopp fordi svært mange lokallag har medlemmer som faktisk er positive til ei søknadsbasera ordning. Studvest framstiller Nmf som ein organisasjon som gjer motsett av det medlemmane sine ynskjer, men det har Studvest absolutt inga dekning for. Turnusaksjonen samla inn over 500 underskrifter, og hadde støtte hos ein del av studentmassen. Dette kom også til syne i stemmegivinga.
Eg tykkjer det er synd ei så viktig sak blir såpass einsidig framstilt i Studvest, der ein rettar sterk kritikk utan å faktisk ha belegg for denne. Ein baserar sakene sine på eit einskild sitat frå leiar i Nmf Bergen. Det er synd at Studvest ikkje baserar informasjonen sin frå dei faktiske vedtektsforslaga som blei tatt på landsmøtet til Nmf. På den måten kunne Studvest ha oppmuntra til ein nyansera debatt i ei sak som opptek både medisinstudentar og andre.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.