Mest aktive brukere »

Debatt.

Utdanningskvalitet - verdt å røysta for!

BJØRN-ANDERS HIND og HANNE KVILHAUGSVIK
Sist oppdatert: 30.03.11 kl. 01.33

Det går mot val på UiB - frå 8. til 15. april er det val til Studentparlamentet og studentrepresentantar til Universitetsstyret. Alle studentar ved UiB har røysterett. Me håper at du vil nytta denne retten! Til Studentparlamentet røystar du på ei liste, men til studentrepresentantar til Universitetsstyret er det personval. Studentpolitikken i Studentparlamentet er éin ting, men kva for saker er det eigentleg som engasjerer og er relevante for valet til Universitetsstyret?

Nokon meiner at det er vanskeleg å engasjera seg som student i dag, fordi det manglar store saker å meina noko om. Samstundes ser me at det på heile UiB blir gjennomført store kutt i tilbodet ein gir studentane. Me ser at seminarundervising blir fjerna. Heimeeksamen blir bytta ut med seks timars skuleeksamen. Seminaroppgåva som arbeidskrav forsvinn i fleire fag. Forelesingsrekker blir kortare enn dei har vore før. Dette går laus på kvaliteten på utdanninga vår på UiB - og det er definitivt ei sak det er verdt å engasjera seg i!

Budsjett og prioritering av midlar er i aller høgaste grad noko Universitetsstyret har ansvar for. Dei to studentrepresentantane er fullverdige styrerepresentantar. Om du bryr deg om kvaliteten på utdanninga di, er det utruleg viktig at du tenkjer over kven du vil skal representere deg i Universitetsstyret. Me er to engasjerte studentar som ønskjer å stilla til val for å få eit fokus på og midlar til utdanningskvalitet. Me ønskjer at UiB ikkje skal kutta i utdanningskvaliteten for å få råd til å ta opp fleire studentar. Vi må sikra god kvalitet for alle studentane vi tar opp. Me stiller med ein felles plattform der utdanningskvalitet har førsteprioritet. Om du òg synst at kvalitet er noko det er verdt å slå eit slag for, håper me at du vil gi oss di røyst i valet.

FAKTA
  • Hanne Kvilhaugsvik og Bjørn-Anders Hind er kandidater til universitetsstyrevalet - støtta av Studentlisten, Liberal Liste og Blå Liste

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.