Mest aktive brukere »

Debatt.

Vevle vrøvlar

MAGNUS HALSNES
Sist oppdatert: 23.03.11 kl. 00.02

Ole Mads Sirks Vevle kritiserte i Studvest 16. mars Raud liste for det han kallar «svært selektive presentasjoner av «fakta»» og ber til slutt studentar om å hugse kjeldekritikk. Kjeldekritikk er eit uhyre viktig prinsipp innanfor akademia og det er difor synd at Vevle ikkje tar dette i bruk sjølv. Han går sjølv i same fella som han kritiserer Raud liste for, og kjem med sine eigne «svært selektive presentasjoner av «fakta»». Eg skulle gjerne sett kjeldene han har påstandane sine frå. Å gå inn på kvar detalj i desse er ikkje interessant, men det kan kort nemnast at det var Israel som gjekk til åtak på naboane sine i 1967, ikkje omvendt. Bakgrunnen til kvifor dei gjorde det kan ein slå opp i ei historiebok framfor å høyre på kva Vevle eller Raud liste meiner.

Vevle og Raud liste hadde ein liknande debatt i haust som i beste fall kunne kallast uinteressant kverulering om fakta. Debatten ein skal ta her i Studvest er heller kva rolle Studentparlamentet skal spele - kva saker dei skal meine noko om, og kva dei skal meine om dei. Er det rett at Studentparlamentet skal ta stilling til ein akademisk boikott av Israel? Skal Studentparlamentet i Bergen ta stilling til noko som skjer utanfor Bergen?

FAKTA
  • Magnus Halsnes studerer arabisk ved Universitetet i Bergen.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.