Kan det fiksast? Klart det kan. Men ikkje med den innstillinga SiB sin bustaddirektør har.
Sist veke stilte han seg uforståande til kritikk vedrørande kvaliteten på oppussingsarbeidet av studentbustadar på Nattland. Denne veka drog ein journalist og ein fotograf frå Studvest til Nattland og fekk med eigne auge sjå fleire titals feil fordelt på tre ulike bustadar.
Når bustadsjef Thorbjørn Haug så blir konfrontert med dette, står han framleis på at arbeidet er av god kvalitet, og meiner bustadane framstår fint i forhold til prisen dei har investert i kvar av dei. Om det er sant, burde han kanskje spørja seg om prisen dei har investert har vore tilstrekkeleg. For når handverkarar stadig har gløymt lister, ikkje har klart å få dei tette, har gløymt å skru fast stikkontaktar og laga feil fall på baderomsgolv, høyrest det ut som handverk på alvorleg sparebluss.
Fleire av feila på Nattland kan vera potensielt farlege, som lause stikkontaktar i kombinasjon med ungar. Andre feil er berre stygge. Problemet er likevel at når ting ser slitt ut allereie før arbeidet formelt er over, kan det vera eit varsku om at fleire ting er gale. Fleire ting som vil gjera at det blir kortare tid enn strengt tatt nødvendig til neste oppussingsarbeid må gjerast. Dette vil sjølvsagt kosta. Og i mellomtida vil studentane måtta irritera seg over småplukket som ikkje er ordentleg gjort. Ein tap-tap-situasjon, altså.
Haug hevdar SiB stadig er på befaring på Nattland, og har oversikt over manglane slik at desse skal fiksast. La oss håpa dette stemmer, og at alle feil blir retta opp. Det er nok av useriøse huseigarar som leiger ut bustadar med manglar her i byen. SiB treng ikkje bli med i den klubben.
Gerd Margrete Tjeldflåt er nyhenderedaktør i Studvest.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.