Denne veka vart vi atter ein gong minte om at pelsdyrproduksjon i Norge ikkje er i samsvar med dei vilkåra mange vil meine dyr skal oppavlast etter: Dei sjokkerande bileta av lidinga til dyra var skremmande, og eit klart varsko om at stoda ikkje er som den bør vere i norsk pelsproduksjon.
I så måte melder også det etiske dilemmaet seg: Kva er det som rettferdiggjer at vi har rett til å sette dyr i bur med det føremålet å lage pelskåper? Kvifor skal dyr (i dette tilfellet rev og mink) lide for at ein liten elite skal gå rundt med ekte pels? Fleire land har allereie tatt eit oppgjer med denne ukulturen. Naboane våre, Sverige og Danmark – nasjonar vi bør ha som mål å identifisere oss med – i tillegg til Sveits og Østerrike, har lagt ned si pelsdyrnæring. Videoen som vart offentleggjort søndag kveld viser iallfall at noko må gjerast med norske pelsfarmar: bilete av innestengte dyr, tydeleg utilpasse, med avbitne bein, haler og øyrer. Mange dyr hinka omkring i bura med opne sår. Noko er ròte i staten Norge, når vi pratar om likeverd og solidaritet, men likevel tillet ein slik bransje eit eksistensgrunnlag. Ein bransje som har som mål å gjere profitt ut av dyr sin pels.
Men kva er det som har gitt grobotn for ein slik pelsindustri? Kva er det som gjer at folk, år etter år, kler seg opp i dyre minkkåper? Litt av forklaringa, eller skulda om du vil, ligg nok i framveksten av forbrukarkulturen på 60-talet, med aukande velstand og ein ny livsstil. Gjennom Hollywood og filmindustrien fekk pelskåper legitimitet som moteplagg. Ikkje minst vart det sett på som ei luksusvare og eit statussymbol å bli sett med slike kåper. Å bære eit pelsplagg vart brått eit mål på personleg velstand.
Når det har kome prov på at det heilt openbart er dyremishandling inne i bildet, bør regjeringa ta affære.
Etter videoen som vart publisert søndag kveld, har fleire parti på Stortinget sett krav til politisk handling: Allereie i avtalen i Dyrevernmeldinga frå 2002 vart det lova ei betring av situasjonen rundt norske pelsdyranlegg. Omtrent ingenting har skjedd. Åtte år, og framleis ser ein dyr som openbart vert utsett for forferdeleg handsaming. Det er derimot ikkje så enkelt som ein skulle tru. Pelsproduksjon her til lands er nemleg også sett på som god distriktspolitikk, då det gir verdfull attåtnæring til dei små gardsbruka i Utkant-Norge. Fleire av dei små gardane vert drivne heilt marginalt når det gjeld lønsemd. Dette er vel ein av grunnane til at pelsproduksjon ikkje vert stoppa i Norge. Landbruksminister Lars Peder Brekk har atter vore ute og stadfesta at det skal bli teke fatt i problema, men ikkje sagt noko om nedlegging av denne typen produksjon, og kva det vil føre til for Landbruks-Norge. Likevel, når det har kome prov på at det heilt openbart er dyremishandling inne i bildet, bør regjeringa ta affære.
Så, kva kan vi som forbrukarar gjere? Vel, i første rekke krevst det som nemnt politisk vilje, i den forstand at desse pelsfarmane må stengast. Men all den tid det framleis er etterspurnad etter pels, vil det nok, dessverre, eksistere i ein eller annan form, eksempelvis gjennom ein illegal marknad. Men når andre land har sett foten ned for dyrepelsproduksjon, burde det vere eit unisont nasjonalt krav at desse farmane vert lagt ned ein gang for alle, også her i Norge.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.