Ifølgje arbeidsmiljølova må ikkje samla arbeidstid, overtid inkludert, overstige 13 timar i løpet av 24 timar, og i løpet av sju dagar krevst det ein samla friperiode på 35 timar. Overtid skal betalast med eit tillegg på 40 prosent. Dette står i sterk kontrast til avsløringane frå NRK ved sjukeheimane i Oppegård kommune som er drivne av Adecco, det største bemanningsselskapet i Noreg. Der overnatta Adecco-tilsette i bomberom for å gå doble skift, jobba heile 20 timar pr. dag utan overtidsbetaling, opp mot 100 timar i veka, og kunne gå 20 dagar i strekk utan ein einaste fridag. Det seier seg sjølv at dette går utover både kvaliteten på omsorga pasientane får, men også livskvaliteten til arbeidarane. Slagordet til Adecco, «better work, better life», blir derfor ikkje anna enn ironi, og ein faktor på kor falskt selskapet no framstår.
Nyhendebilete den siste tida har vore prega av pinlege intervju med Adecco-sjefar og direktør Bård Kristiansen i spissen, som prøver så godt dei kan å forsvare seg sjølv. Løgna om at dei ikkje visste om dette, er like innlysande som mangelen på medietrening. Uansett kor mykje dei prøver å bedyre si uskyld, er det til sjuande og sist Adecco som taper. Avsløringane om at dei sender falske vaktlister til kommunen for å skjule kor få arbeidarar som faktisk dekker dei mange vaktene, er graverande og skaper ingen tillit. Ringverknadane har allereie begynt å vise seg med at Coop Norge har sagt opp alle sine kontrakter med Adecco. Ei kvar bedrift med sans for samfunnsansvar burde gjere det same, og verkeleg vurdere sine kontrakter med selskapet.
Eg tvilar på at det er dei tunge løfta, bleieskifta eller sårbehandlingane som gjer at Adecco-sjukepleiarane ofrar fritida si for å vere på jobb. Ei heller at dei tener for lite. Med ei timeløn på 155 kr, er det ingenting som tilseier at dei absolutt må gå overtid for å tene nok. Problemet er at avdelingane har for lite bemanning elles, og dei få som er på jobb må jobbe meir for å få kabalen til å gå opp. Dette seier meir om helsesektoren i Noreg enn om arbeidarane som godtar å gå doble vakter. Set ein problemet med mangel på arbeidskraft opp mot dei dårlege arbeidsforholda, ser ein fort at dette er ein vond sirkel. Det kan umogeleg freiste for framtidige studentar å velje sjukepleiarutdanning når det stadig bles opp til nye stormar med usikkerheit og korrupte bemanningsselskap innan helsesektoren. Det er på høg tid at dette blir ein attraktiv sektor utan all uroa. Det trengs nøyare overvaking av bemanningsselskapa, og sjukpleiarane burde bli meir opplyste om sine rettar og kva krav dei kan stille. Terskelen for rapportering av lovbrot må leggjast så lågt at både sjukepleiarar og avdeling føler at dei blir tatt seriøst.
Helse og omsorg kan ikkje behandlast som om det er ei vare, og Adecco har vist at privatisering ikkje bør gjelde helsesektoren. Det er snakk om sjuke mennesker i ein vanskeleg og sårbar situasjon i livet. Pasientane fortener kvalitet, ikkje utsletne sjukepleiarar. Feilskjer innan helse og omsorg kan bety forskjellen mellom liv og død, og med utsletne pleiarar er sjansen for dette betydeleg større. Adecco må, etter å ha gjennomgått sine prosedyrar, gjerne halde fram med utleige av vikarar, men å la slike selskap drive ein heil sjukeheim er ikkje vegen å gå.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.