Mest aktive brukere »

Kommentar.

Hald pengar utanfor

Debatten om kva studentmedia skal vera er interessant, men ikkje uavhengig av kva premiss den blir tatt på.

GERD MARGRETE TJELDFLåT
Sist oppdatert: 30.11.11 kl. 01.22

Når det nærmar seg slutten av eit år, nyttar mange høve til ei oppsummering og ei vurdering av kva ein har brukt tida si på – kva ein har utretta. Ei tid for sjølvransaking, og ransaking av andre.

For Studvest sin del, har ei vurdering av innhald og kvalitet blitt etterspurt frå fleire hald, både i forkant og etterkant av det årlege budsjettmøtet i Velferdstinget. Dette er møtet der me og mange andre studentorganisasjonar får tildelt pengar frå semesteravgifta. Studentmedia får ein stor del av den totale potten, og det blir årleg sett spørsmålsteikn ved, og målt opp mot kvaliteten ulike debattantar meiner media har. Det er forsåvidt forståeleg at ein tar det opp, men det er etterkvart blitt ein einsformig debatt der ein berre gjentar dei same spørsmåla år etter år. Burde Studvest ha fire heiltidsverv? Og høyrer eigentleg nokon på Studentradioen? Det er òg ein debatt med dei same, få aktørane, som står på kvar si side i tildelinga frå Velferdstinget, og difor har kvar sine økonomiske interesser. Det endar ofte i ein kritikk av sakene media tar opp, der me blir mistenkt for å prøva å mala vår eiga kake. Kritikarane kan sjølvsagt utsetjast for same mistanke. Innhaldet i ein slik debatt havnar i skuggen av spekulasjon.

Sanninga er at me lagar avis utan økonomiske interesser i tankane, og det burde vera mogeleg å vurdera oss på same grunnlag. Debatten om innhald og form i studentmedia er viktig nok til å bli tatt utan at konklusjonen må komma i kroner og øre. Me er i høgste grad interesserte i meininga til lesarane våre, men når ein blandar inn eit økonomiske aspekt, druknar alt anna.

Det siste året har eg hatt hovudansvaret for Studvest sine nyhendesider. Me har skrive mange saker eg meiner har vore viktige og gode. I vår skreiv me om studentbustadar på Nattland som hadde mange manglar etter ei oppussing. SiB avfeia først kritikk, men avgjorde på bakgrunn av Studvest sin dokumentasjon at det var nødvendig med ein gjennomgang. I november skreiv me om dårleg undervisning ved Universitetet i Bergen, og studentpolitikarar har fortalt oss at artikkelen vart med på lunsj med rektor der dei tok opp problemstillinga. Dei same studentpolitikarane har denne veka måtta svara for seg etter at Studvest før helga avslørte at Alette Dybesland Lie vart pressa ut av vervet sitt som følgje av samarbeidsproblem. Me og dei andre studentmediene dekkar studentsaker på ein måte ingen andre medier gjer. Det betyr noko.

Likefullt kan eg godt innrømma at Studvest også har skrive saker som har hatt eit uutnytta potensiale, og det er noko me kunne ha dekka betre. Å skriva om det som opptar studentar ved dei mindre lærestadane i Bergen er ei utfordring. Me kunne nok òg ha gravd meir i studentpolitikken. Slik vil det alltid vera i ei avis, ein har gitte ressursar og nyttar dei så godt ein kan ved å gjera prioriteringar. Nokon vil alltid vera ueinige i måten ein gjer det på.

Dette er det me stadig drøftar innad i avisa, og dette vil me gjerne ha innspel på. Me vil gjerne ha ros når nokon meiner me skriv interessante saker, og kjeft når nokon meiner me burde gjort ting annleis. Me vil gjerne vita kva rolle me spelar, for det vil vera med på å gjera oss betre. Men la slike innspel vera fri for økonomiske mistankar og anklagar. Dei har me forsvart oss mot så utruleg mange gonger før.

Gerd Margrete Tjeldflåt er nyhenderedaktør i Studvest.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.