Norsk Studentorganisasjon, den største studentorganisasjonen i landet, har heiltidsstudenten som ei av sine viktigaste kampsaker, og med unntak av FrP har samtlege stortingsparti programfesta 11-månaders studiestøtte. Viktige og meiningsberande stemmer hyler i kor om betre økonomiske høve for studentar. Allikevel er heiltidsstudenten død, blir det sagt. Ja, og kva så?
At heiltidsstudenten er død er openbart; det er berre ei uproblematisk beskriving av eit meir eller mindre uproblematisk faktum. Det som er problematisk er at vi tilsynelatande ukritisk svelg unna denne retorikken. Perspektivet vi let dominere diskursen, og som berre unntaksvis blir utfordra, er tilsynelatande dette: At vi som studentar har for dårleg råd, at ein bør legge til rette for at studentar skal sleppe å jobbe, og at studiestøtta difor bør aukast betydeleg.
Dette perspektivet ber i seg særleg to hovudelement vi som studentar burde ha sjølvinnsikt nok til å sette kraftige spørsmålsteikn ved. Det eine er forestillinga om at jobbing går ut over studiane. Det andre er tanken om at det er bra å gi studentane høve til å fokusere berre på faga.
At jobb går utover studiar er generelt ikkje tilfelle. Undersøkingar frå NIFU-STEP, Sentio og UiB gjennomført i 2002, 2004, 2005, 2006 og 2009 har alle den same konklusjonen: Jobbing går ut over fritida til studentane, det går ikkje ut over tid brukt på studiar.
Det kan altså sjå ut til at mindre jobbing ikkje fører til meir lesing. Og om det hadde gjort det, ville det vore udelt positivt å gi studentar moglegheit til å byte ut ein deltidsjobb med fleire timar på lesesalen? Studentar som ikkje jobbar blir ikkje berre fattigare økonomisk, dei får også ein fattigare CV og hamnar langt bak i bunken hos potensielle arbeidsgjevarar. Då kan du ha så gode karakterar du berre vil, det hjelper lite når du aldri før har sett utsida av ein lesesal.
At jobbing kan gå utover frivillig engasjement er også ei forestilling som bør modifiserast. Som studentar har vi mellom to og fire månader ferie i året. Om du ikkje maktar å spreie inntekter frå over to månader med arbeid ut over resten av året (og dermed få tid til andre ting i semestra) er du, etter ein objektiv standard, moden for deltaking på Luksusfellen. Ønskjer ein verkeleg å fjerne insentiva som i dag finst for å fylle dei årlege feriemånadane med noko anna enn backpacking-turar til Aust-Asia og festivalturnéar?
Det er også forstemmande korleis hylekoret ser ut til å prioritere meir pengar over heile fjøla framfor til dømes samansetning av bachelorgraden, digitalisering av forelesingar eller pedagogikk-kursing av forelesarar. Når det gjeld studentøkonomi kan ein vidare gjere langt smartare ting enn å ukritisk kaste pengar etter studentar som ikkje treng det. Fjern heller inntektsgrensa og la oss jobbe meir. Jobb heller for målretta støttetiltak til studentar som er funksjonshemma eller er foreldre – studentgrupper som faktisk er verkeleg økonomisk sårbare.
Dei fleste av oss, underteikna inkludert, har råd til eit par byturar i veka, semestervise obligatoriske langhelger til London og Køben, og, som om ikkje dét var nok, har vi også til salt på grauten. Som knapt dei einaste studentane på planeten har vi råd til dette fordi vi jobbar – anten om somrane, ved sida av studia eller begge deler.
Om nivået på studiestøtta tvingar oss til å innsjå koplinga mellom vår høge levestandard og det å gjere ein innsats er det kanskje nettopp dette som trengst mest av alt for ein generasjon som har fått slengt i fanget ein av verdas mest produktive økonomiar, gratis utdanning og inntil åtte år studiestøtte garantert av staten.
Ole Jakob Skåtun er nyhendejournalist i Studvest.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.