Det er med vantru eg registrerer at SiB igjen prøver å få gjennom ei studenthytte til sju millionar kroner. Det er eit forslag Velferdstinget (VT) fleire gonger har vore negative til, og som dei ikkje minst har stemt ned for mindre enn eitt år sidan. Når det no viser seg at SiB har halde fram å arbeida med dette forslaget det siste året, vitnar det om arroganse i forhold til VT si rolle og mandat. Men nettopp difor er det med endå større vantru eg registrerer at Velferdsstyret går inn for å støtta SiB.
Studvest har følgt prosessen med å planlegga ei ny studenthytte sidan 2008. Det har vore ein lang og omfattande prosess som botna ut i to forslag. Anten ei hytte til sju millionar kroner, eller ei hytte til tre millionar kroner. Saka var oppe i fjor haust, og VT gjekk for det billigaste alternativet. Det er mange gode argument for den avgjersla, men som alltid er det viktigaste økonomi. Studenthytta skal finansierast ved hjelp av eit lån, som igjen skal finansierast ved hjelp av semesteravgifta vår. Når VT gjekk for den billigaste hytta medfører det ei nedbetalingstid på elleve år. Det dyraste alternativet ville sett studentane i gjeld i 30 år. Det meinte VT at blei for dyrt, dei ville bruka desse pengane på anna studentvelferd.
Men eitt år har gått, og no har Velferdsstyret tydelegvis gløymt dette. Dei legg i staden vekt på Johansen sine utspel om at prisen per sengeplass er nesten lik for dei to hyttene. Det kan så vera. Men dei 20 ekstra åra med gjeld har ikkje endra seg. Då bør VT ha såpass respekt for den avgjersla som allereie er teken at dei ikkje gjer om på den. Det Velferdsstyret legg opp til i denne saka set VT som organ i eit svært uheldig lys. Det ein no held på å gjera sender signal om at SiB sin administrasjon kan få gjennom kva som helst i VT berre ein ventar til medlemmane er skifta ut. Korleis skal ein kunna stola på eit slikt organ?
Gerd Margrete Tjeldflåt er nyhenderedaktør i Studvest.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.