Mest aktive brukere »

Kommentar.

Jaktar på suksess med tenner og klør

Illustrasjon: NINA BERGHEIM DAHL

Me er norske, feite, mette og late studentar med puter under armane og problemfrie kvardagar. Men det er ikkje di skuld, du kan skylde på dine curlingforeldre.

ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 23.03.11 kl. 00.27

I VG måndag 14. mars uttalte BI-professor Tor W. Andreassen at norsk ungdom risikerer å bli utkonkurrert av hardt arbeidande utlendingar og andregenerasjons innvandrarar. Og grunnen er enkel: norsk ungdom blir servert alt på eit sølvfat av curlingforeldre i rutete bukser som viftar problema vekk og kostar bort kvar ein motstand.

Debatten om tigerbarna og deira foreldre har dei siste vekene rasa rundt i USA etter at jusprofessoren og forfattaren Amy Chua kom ut med den kvasse boka «Battle Hymn of the Tiger Mother». I boka forklarar ho korleis kinesiske mødre produserer framgangsrike born som blir akademikarar, vitskapskvinner og fiolinistar. Og her er det ikkje rom for verken kjærleik eller gøy, autoritær oppdraging er svaret. For Chua er ikkje barndommen ei tid for leik, men ei innføring til vaksenlivet. Borna hennar blei blant anna nekta å sjå på TV, overnatte hos venner, delta i skuleteater eller gå på do. Den sistnemde om dei ikkje spelte eit pianostykke perfekt. Reaksjonane har vore mange, og faktumet er at norske foreldre er for snille og borna for bortskjemde.

Andreassen, som sjølv er ein tigerpappa, meiner me er i ferd med å få ein generasjon som det ikkje blir stilt krav til, og som forelesar ser han store forskjellar blant studentane. Dei med asiatisk bakgrunn har ei heilt anna haldning til studiane enn dei slappe og feite norske elevane. Andreassen meiner at utlendingane vaknar om morgonen og jobbar, og jobbar som maur resten av livet. Medan for norsk ungdom spring foreldra foran og fjernar alle problem. Dette fører til at borna ikkje klarar å løyse konfliktar sjølv, og vil utvikle seg til å bli mette, feite og late.

Det er likevel ikkje målbart å samanlikne kinesisk og vestleg oppdraging. I Kina er folketalet litt annleis enn her i Noreg, og konkurransen sådan. For å hevde seg i eit land med over ein milliard innbyggjarar er det ikkje rart jentene måtte lære seg å vere tissetrengt medan dei spelar piano og samtidig vere stjerneelev. Det er rett og slett ikkje bra nok med eit godt vitnemål og ein betre CV. Ein må vere ekstraordinær.

At norske studentar blir utkonkurrert er likevel eit faktum. Lege og forskar ved OUS Rikshospitalet, Wasim Zahid, ser ein overrepresentasjon av norsk-pakistanske jenter på medisinstudiet. Også på juridisk fakultet har jenter med innvandrarbakgrunn tatt over. Er dette studiar som ikkje lengre interesserer norske studentar, eller er me så opptatt med å syte over bustadprisar, studiestøtte og ølprisar at me rett og slett ikkje klarar å jobbe hardt nok for å komme inn?

Men kva skjer dersom me alle jobbar hardt og trippar rundt som maur? Dersom me alle er legar, akademikarar eller ingeniørar, kven skal køyre akademikarane i taxi til viktige møter, reinse legedressane eller sveise saman alt det ingeniørane teiknar? Alle menneske er forskjellige, likeins yrke, men likevel viktige i den store heilheita.

Sjølv har eg voks opp med ganske frie tøylar til å velje det eg ville ynskje, og eg er verken feit eller lat. Men kva ynskjer me av foreldra våre og kva foreldre har me lyst å bli i framtida? Vil me oppdra våre ungar til å slite og sveitte over fela for ein god utdanning, eller vil me oppfordre dei til å følgje draumane sine og få eit godt liv? Ein må huske at det fins meir i livet enn arbeid. Eg trur det er få som ligg ved dødsleiet som skulle ynskje dei hadde brukt meir tid på kontoret. Viss det er ei tigermamma som skal til for at borna mine skal bli suksessfulle maurar, vil eg heller bli ei gåsemor uten klør, men med mjuke venger som er trygge og som ein kan kose med.

FAKTA
  • Anette Hjelle Volden er kulturjournalist i Studvest.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.