Høgare utdanning er så aktuelt som det ikkje har vore på lenge. Bernt Hagtvet, professor ved UiO, svingte slegga med stor bravur tidlegare i haust og gjekk hardt ut mot Kvalitetsreforma, statsråden sjølv og det han refererte til som «pølsefabrikk»-tendensar i norsk høgare utdanning. Debatten har sidan gått livleg i avisene, og dei siste vekene har Inge Lønning, Knut Kjellstadli og Inga Bostad lufta sine kritiske meiningar om Utdannings-Noreg i Studvest sin nye artikkelserie om emnet.
Den norske utdanningspolitiske landskapen er i dag eit kvepsebol fullt av viktige spørsmål. Har Kvalitetsreforma fungert? Kor mange universitet kan vi ha før omgrepet universitet mistar si betydning? Er det hensiktsmessig med ei finansieringsordning som gir institusjonane økonomiske insentiv til å ta inn fleire studentar enn dei er kapasitetsmessig dimensjonert for? Korleis kan vi best innrette institusjonane for å møte framtidige behov?
Spørsmåla blir ikkje gjort mindre akutte av dei om lag 30 000 studentane som ifølge regjeringa sjølv dei neste åra kjem bankande på landet sine høgskule- og universitetsportar. Berre ved UiB har ein allereie 3000 studentar utan basisfinansiering. Kva vil «yngrebølga» ha å seie for forholdstalet mellom studentar og vitskapleg tilsette? Korleis vil dette påverke tanken om forskingsbasert undervisning som ein berebjelke i universitetstradisjonen?
Allikevel er det slik at sjølv om ho har ein vanskeleg jobb, vil ho bli målt etter kva som faktisk blir gjort
Til saman utgjer desse spørsmåla ein gigantisk elefant som trampar rundt på kontoret til vår salige statsråd Tora Aasland. Om ho merkar den, gjev ho ikkje tydeleg nok uttrykk for det. Faktisk er den i ferd med å gjere livet surt, ikkje berre for statsråden og regjeringa, men for heile landet. Dette er nemleg ikkje spørsmål som er relevante berre for studentar og tilsette i utdanningssektoren. Måten vi besvarar dei på vil vere med å definere framtida til Noreg som kunnskapsnasjon, og er såleis uløyseleg knytta til vårt langsiktige ve og vel. Og, ja, det dreier seg om kva vi skal leve av etter olja. Svulstige og pompøse ord, men ikkje mindre gyldige av den grunn.
Rett skal vere rett: Som statsråd for høgare utdanning er det å skulle selge høgare utdanning inn for finansdepartementet og resten av regjeringa ein utakknemmeleg jobb. Økonomi handlar, som kjent, om fordeling av knappe ressursar, og universitetspolitikk har aldri vore meir enn eit marginalt politisk tema. Høgare utdanning er ikkje sexy. Yngrebølga brusar ikkje like høgt som eldrebølga. Konsekvensen av dette blir eit usunt misforhold mellom den reelle viktigheita i utdanningspolitikken og merksemda den får.
Det er altså ikkje berre Aasland som er ansvarleg for at problema ikkje blir adressert. Allikevel er det slik at sjølv om ho har ein vanskeleg jobb, vil ho bli målt etter kva som faktisk blir gjort. Når ho til stadigheit kastar ansvaret over på institusjonane sjølve, gir det ikkje eit godt inntrykk. Når departementet tidlegare i haust brukte to månader på å besvare ein debatt-invitasjon frå Studentersamfunnet i Bergen med «nei, takk» verkar det ikkje mindre enn arrogant overfor eit publikum som er nettopp dei ho burde vere mest interessert i å snakke med. Vi treng ein statsråd som erkjenner utfordringane vi står overfor og har tydelege forslag til korleis ein skal løyse dei.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.