Mest aktive brukere »

Kommentar.

Med på leiken utan å tole steiken

Illustrasjon: LINN JEANETTE FYLKESNES

Vi sender soldatar ut i verda, men er aldri i krig. Myndigheitene torer ikkje handtere konsekvensane av å seie «krig».

VILDE GRIMELID OPPEDAL
Sist oppdatert: 30.03.11 kl. 01.44

Noreg har nok ein gong involvert seg i ein konflikt langt heimefrå, denne gongen i Libya. Men vi er ikkje i krig. Det har vi heller aldri vore i Afghanistan, etter ti år med militære styrkar der. Til og med innanfor regjeringa er det ikkje semje om bruken av omgrep for kva vi no har sendt soldatar til. Ifølgje Jonas Gahr Støre er det som skjer at «norske styrker går inn i en virkelighet som er krevende, hvor det pågår krigshandlingar på bakken». Bombing frå norske fly er då altså ikkje krigshandlingar? Og forsvarsminister Grethe Faremo kallar det «en internasjonal operasjon under FN-mandat». Kvifor er ikkje dette krig?

Vi har ingen eintydig definisjon av krig. Ei vid tyding av krig er «manifest eller open bruk av vald så vel som latent valdsbruk mellom organiserte fellesskap for å oppnå politiske målsetjingar». Ein kan vel seie at både Afghanistan og Libya kan gå inn under denne definisjonen. Uppsala Conflict Data Program definerer krig som «kamp mellom væpna styrkar frå to partar der minst ein av dei er ein stat eller myndigheitene i ein stat, og kampsaka er anten territorium eller regjeringsmakt». Dei legg til at for at ein konflikt skal vere ein krig må det vere minst 1000 drepne i kamp per år, og for at det skal vere ein væpna konflikt må minst 25 vere drepne.

Det første kriteriet vil Libya gå inn under, men det andre kriteriet vil ikkje vere gjeldande, endå. Slik sett kan ein seie at Noreg ikkje er i krig i Libya per i dag, men Afghanistan er ein annan sak. Der har talet på drepne soldatar auka dei siste åra, med ein førebels topp i 2010. Då blei til saman 711 soldatar frå koalisjonspartnarane drepne. Legg ein dette saman med alle sivile drepne, over 2000 berre i 2008 ifølgje FN, så kan ein ikkje kalle dette anna enn ein krig. Talet på sivile som har blitt drepne i løpet av krigen er ikkje kjent, men det har vore estimert at mange tusen døydde allereie under dei første bombingane. Dette er ein krig som Noreg er ein aktiv part i. Å pakke dette inn mindre alvorlege politiske omgrep er ansvarsfråskriving.

Så kvifor denne politiske retorikken kring krigane Noreg er involverte i? Ifølgje statssekretær Espen Barth Eide får det visse juridiske konsekvensar ved å kalle det krig. Blant anna for forsikringsselskap og nordmenn på reis i naboland der Noreg er involverte i militære operasjonar. Dersom Noreg blir definert som ein krigførande part, får det også konsekvensar i forholdet til andre statar. Dei må då ta stilling til om dei vil vere nøytrale eller ikkje ovanfor Noreg. Dette skaper problem for oss. Likevel, dette er konsekvensar regjeringa bør kunne ta når dei vel å sende norske soldatar for å involvere seg i strid andre stader i verda. Nokon av dei kjem heim i kister, og dei fleste som har vore soldatar i Afghanistan dei siste åra er ikkje i tvil om at det er ein krig dei er delaktige i.

Det vil nok også utvilsamt skade Noreg sitt sjølv-oppretta rykte som «fredsnasjon». I tillegg kan ikkje regjeringa med «fredspartiet» SV gå gode for å vere i krig utan stor intern usemje. Men for å vere ærlege mot det norske folk og ikkje minst dei som reiser på desse oppdraga, så er det vel på tide å kalle ei bombe for ei bombe og stå inne for kva staten Noreg faktisk driv med i andre land.

Vilde Grimelid Oppedal er nyhendejournalist i Studvest.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.