Det internasjonale finanssystemet har lenge vore urettferdig og ført til store ulikskapar, men fram til no er det først og fremst utviklingslanda som verkeleg har fått merke dette på kroppen. No er nokre av dei rikaste landa i verda i same båt, og folket har endeleg begynt å vakne opp. Det er på tide at nokon no seier i frå om statane si favorisering av finanseliten over middelklassen og dei fattige.
Laurdag 15. oktober var det global aksjonsdag, med demonstrasjonar mot nyliberal økonomisk politikk og for meir demokrati i ei rekkje land. Aksjonen henta inspirasjon frå «Occupy Wall Street», som blant anna demonstrerer mot at ein prosent av folkesetnaden sit på mesteparten av inntektene og rikdommen i USA. Det er denne misnøya med store forskjellar mellom fattig og rik som også gjer seg gjeldane i aukande grad i Europa, der dei fleste land fram til no har hatt betre velferdssystem enn USA. Finanskrisa har endra på dette etter kvart som Det internasjonale pengefondet har blitt involvert i statar som Hellas, Irland og Italia. Der krev dei store kutt i staten og velferd for at landa skal få lån.
Blant dei som verkeleg merkar kutta i velferd og statlege arbeidsplassar er ungdom, ved at dei dett utanfor arbeidsmarknaden, trass høg utdanning. I mange europeiske land er arbeidsløysa så høg at mange er redde for at ein heil generasjon kan falle heilt utanfor arbeidslivet og bustadmarknaden. Arbeidsløysa blant ungdom i Spania er oppe i 45 prosent. Det vil ta tid også etter at økonomien eventuelt betrar seg før desse kan komme inn att på arbeidsmarknaden. I nabolandet vårt Sverige er også arbeidsløysa blant ungdom no oppe i 20 prosent. Det er heilt urimeleg at ein heil generasjon skal betale for den posisjonen som finansverda har sett dei europeiske landa i. Ein prioritet i landa som er råka av krisa burde vere å sikre at ungdommen kjem seg i arbeid. Viss ikkje vil dette vere det nye, store sosiale problemet i mange land, blant anna ved at frustrasjon gir grobotn for ekstreme politiske krefter.
Under demonstrasjonen i Oslo var det berre i overkant av 100 menneske som møtte. Det er kanskje ikkje så rart med tanke på at Noreg i liten grad blei råka av krisa i 2008, og at vi har oljepengar til å hjelpe oss framover. Likevel er det på tide å ikkje føle seg fullt så trygge, og protestere i solidaritet med resten av verda. Arbeidsløyse blant ungdom er eit aukande problem i Noreg. Her ligg arbeidsløysa på 3,5 prosent totalt, medan arbeidsløysa blant ungdom ligg på 9,3 prosent (2010). Dette tok LO-leiar Roar Flåthen opp i 1. mai-talen sin, der han la vekt på at Noreg burde fokusere meir på overgangen frå utdanning til arbeid, i staden for berre å ha eldre i arbeid lengst mogleg.
I tillegg har oljefondet kjøpt statsobligasjonar for over 100 milliardar kroner i kriseramma sør-europeiske land, og eig slik ein del av gjelda deira. Statsministeren har også understreka at dersom Noreg får ein kombinasjon av fallande eksportinntekter og fallande bustadprisar vil vi få problem, også her. Igjen vil dette råke unge med svært store bustadlån hardt. Det er på tide at vi syner større engasjement mot eit urettferdig system som rammar dei svake hardast. Vi vil ikkje nødvendigvis for alltid sitte heva over andre på oljetrona.
Vilde Grimelid Oppedal er nyhendejournalist i Studvest.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.