Christiekonferansen, som UiB arrangerte for andre gong i år, er på mange måtar eit svært godt tiltak. Ein møteplass mellom universitetet og samfunnet dei er ein del av er svært viktig, og noko det ikkje finst for mange av. Men denne møteplassen må brukast riktig, til å drøfta korleis universitetet og samfunnet kan samarbeida, og korleis dei kan dra nytte av kvarandre. I år bomma UiB då dei laga programmet. Perspektivet dei så fint formulerte, var: «Universitetet i Bergen – eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet utanfor hovudstaden. Kva for mogelegheiter og utfordringar gir det for Bergen, Vestlandet og Noreg?». Sagt på ein annan måte: Kva har det å seia for andre, at UiB gjer det godt?
Det er fleire ting ein kan setja spørsmålsteikn ved i denne problemstillinga. Men det som kanskje er mest påfallande er den sjølvforherligande måten UiB omtalar seg sjølv som internasjonalt anerkjent. Jo, dei er med på lista over dei 200 beste universiteta i verda. Men dei er førebels berre på 135. plass. Det vil seia at det finst 134 betre. Det er eit sjølvsagt godt poeng Times Higher Education-redaktør Phil Baty har når han seier at UiB enno ikkje er ei global merkevare. Men slik UiB omtalar seg sjølv, kan ein nesten få det inntrykket.
Konferansen burde heller bruka mykje meir tid på spørsmål som: Korleis kan UiB bli endå betre? For ein kan aldri bli god nok. Det er problemstillingar som fører framover. Som ikkje dveler ved tidlegare suksess.
Det er liten tvil om at UiB har gjort mykje rett dei siste åra. Å verta vurdert som det beste norske universitetet i ei internasjonal rangering er gledeleg, og ein prestasjon ein med rette kan vera stolt av. Men kor lenge er det legitimt å dvela ved prestasjonen? Eg er usikker på svaret, men sju timar og ein heil konferanse er i alle fall litt i lengste laget.
Gerd Margrete Tjeldflåt er nyhenderedaktør i Studvest.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.