Mest aktive brukere »

Kommentar.

Udemokratisk med reservasjonsrett

Illustrasjon: NORA HJELMBREKKE

Reservasjonsretten til fastlegane må vekk; legar sitt samvit kan ikkje forstyrre gjennomføring av inngrep sikra av norsk lov.

ELINE KIRKEBØ
Sist oppdatert: 15.02.12 kl. 01.31

Abortlova frå 1975 sikrar kvinner sin rett til sjølvbestemt abort, men også helsepersonell sin rett til å ikkje utføre sjølve inngrepet. Eit rundskriv frå Helse- og Omsorgsdepartementet slår no fast at fastlegar ikkje skal kunne reservere seg mot å utføre oppgåver som strir imot eige samvit. Etisk kontroversielle helsetenester som å skrive ut prevensjonsmiddel, sende pasientar til utgreiing for kunstig befrukting og til abortinngrep, vert trekte særskilt fram. Det vert peika på at det er pasienten sitt behov som skal styre fastlegen, og ikkje omvendt.

Rundskrivet har ført til reaksjonar, då fleire legar meiner at det å medverke i ein prosess som endar i abort, strir imot eige samvit og etikk. I praksis skal slike situasjonar tidlegare ha blitt løyst med at fastlegar med denne oppfatninga, har vist pasientar vidare til legar som vil gjennomføre slike oppgåver. Ein kan spørje om det då i det heile tatt er muleg å verke som fastlege dersom ein har ei slik oppfatning, utan å handle på tross av sitt etiske syn. Om fastlegen viser direkte til abortinngrep, eller til ein lege som er villig til å sende pasienten vidare til inngrepet, munnar til slutt ut i det same resultatet. Aborten vil finne stad uansett. Fastlegen vil framleis vere del av prosessen, medan prosessen vert tilført endå eit mellomledd. Ein skulle gjerne tru at fastlegar som har så sterke personlege kjensler knytt til abort, ville finne også dette som eit etisk overtramp. At det gjerne er lettare for legane å ignorere at dei er ein del av det heile, ved å gjere det på denne måten, kan verke som ein noko naiv måte å lette samvitet på.

Samvitet til legane kan ikkje gå framfor praktisering av norsk lov, og sjølvbestemt abort er ein del av denne lova. At legar skal ha rett til å reservere seg frå å bidra til at retten vert praktisert, blir då vanskeleg å grunngje. At prosessen rundt sjølvbestemt abort skal avhenge av fastlegen, vil vere å la privatpersonar ha innverknad på effektiviteten i lovbestemte prosessar i demokratiet. Når ein lege er på jobb er oppgåva hans å hjelpe og assistere til pasienten sitt beste. Når kvinner oppsøker fastlegen i eit ærend ein har full rett til å få gjennomført, skal det ikkje vere nødvendig at denne prosessen skal kompliserast ved at ein må oppsøke ein ny lege på grunn av fastlegen sitt private syn på saka.

Å bestemme seg for abort kan vere ei stor utfordring både psykisk og fysisk, og det å møte ekstra motstand i helsevesenet kan føre til unødvendig påkjenning for kvinner som allereie er i ein sårbar posisjon. Det same er gjeldande når fastlegar ikkje vil vise lesbiske par til behandling for kunstig befrukting, på tross av at dette óg er ein lovfesta rett. I tilfelle der legar nektar å bidra til at slike inngrep skal gjennomførast, vil det sende eit signal om misnøye og fordommar til pasienten. Ein møter nok utfordringar elles i samfunnet når det gjeld etisk kontroversielle inngrep, om ein ikkje også må forvente å møte det hos fastlegen. Når storsamfunnet har tatt standpunkt i slike saker, må legar respektere dette.

For å oppretthalde eit velfungerande demokrati, må ein respektere dei lover og reglar som er blitt til gjennom demokratiske prosessar.

Eline Kirkebø er nyhetsjournalist i Studvest

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.