Alle kan vera einig i at Universitetet i Bergen har eit problem i forhold til tryggleik, særleg innbrot. Høyden er definitivt eit belasta område i forhold til kriminalitet, og ifølgje På Høyden hadde universitetet eit verditap på rundt ein million kroner på grunn av innbrot i 2010.
Men kva godt kan overvakingskamera gjera for å betra denne situasjonen? Dei kan anten brukast preventivt eller vera til hjelp i oppklaringa av lovbrot. Kamera ved inngangsdører vil berre bevisa kven som har gått inn og ut. Sjølve brotsverket vil neppe bli festa til film, då det ikkje er så mykje å stela ved inngangsdørene. Dei kan derimot visa ein person som har med seg tjuvgods ut, men berre gitt at denne personen vel ein overvaka utgang og ikkje kjem seg ut vindauge eller liknande der det ikkje er montert kamera. Det er heller ikkje sikkert at personen kan gjenkjennast, då det jo går an å dekka ansiktet til. Me veit allereie at det meste av kriminaliteten som skjer på UiB heng saman med narkotikamiljøet i Nygårdsparken. Då har det ikkje så mykje for seg å ha biletebevis på at tjuven ser ut som ein narkoman.
Det verkar også søkt at dette skal ha ein særleg stor førebyggjande effekt, gitt at det er narkomane desse tiltaka er meint mot. Vil ein narkoman, som i fullt dagslys bryt lova kvar dag i Nygårdsparken, bry seg om eit kamera? Dei stel ikkje fordi det er kjekt. Dei stel fordi dei er desperate, og treng pengar.
Truleg vil UiB få mykje meir for pengane dersom dei brukar dei på auka vakthald. Ei fysisk hindring har nok meir førebyggjande effekt enn eit lite kamera. Så vert det ein bonus at me lovlydige studentar får gå fritt på Høyden utan kamera i nakken.
Gerd Margrete Tjeldflåt er nyhenderedaktør i Studvest.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.