Tikk takk. Surklinga kjem annakvart sekund. Andletet hennar vekslar mellom ein endelaus fredleik og eit desperat uttrykk om hjelp. Det ser ut som ho gjer seg klar til å sleppe, klar til å sleppe den klamma handa – til både meg og livet. Det er då han kjem inn. Han er kledd i kvitt. Han ser på oss. Smiler. Stemma hans gjev oss den sårt tiltrengte tryggleiken me begge søkjer. Ord og kroppsspråk seier det same – det kjem til å ordne seg.
Dei siste tiåra har medisinen gjort at stadig fleire av oss kan leve lengre. Me kan leve med kroniske sjukdommar og fortsatt skumme fløyten av det livet kan tilby. Born som vert for tidleg fødde kan bli redda ved 24 veker. Trafikkskadde, kreftramma – det er ikkje ein ting medisinen ikkje lenger kan redde. Sjukehusmedisinen har blitt så moderne, så teknologisk, så avansert at det verkar som ein i stor grad kan tillate seg å eksperimentere med liv. Kirurgien prøvar seg ofte på grensetilfella, for av og til så lykkast dei. Kva er eigentleg avgjerdene basert på? Har delar av den evidensbaserte medisinen blitt bytta ut med den eksperimentelle?
Mange av avgjerdene innanfor den medisinske profesjon har dei siste tiåra blitt i stadig større grad basert på kor langt ein kan strekkje livet. Respekten for det å døy har blitt mindre etterkvart som generasjonar med enorm livsappetitt har vekse fram. Livet har blitt det fundamentalt viktige, medan verdighet og respekt for det livet ein har levd har blitt nedprioritert i kampen for alderdommen. For kvar skal grensa gå i dei tilfella der den medisinske teknologien ikkje skal nyttast?
Livet må ein gong ende, sjølv om dette er noko som er vanskeleg for oss medisinarar å akseptere. Til tross for all kunnskapen om at døden er ein uunngåeleg prosess, så har haldningane utvikla seg i ei retning der behandling er løysinga uansett problemstilling. Er ikkje dette noko som gjeng imot vår opphavlege intensjon om å gjere det beste for pasienten? Det er ikkje berre pasienten som vert ramma, også dei pårørande vert utsett for eit enormt forventningspress.
Eg høyrer til ein profesjon og eit fagfelt som har makt over det mange verdset høgst – livet. Samstundes så høyrer eg til eit fagfelt som har fokusert på det evidensbaserte, det teknologiske, det sikre, men i mange tilfelle ikkje nødvendigvis alltid det rette. Av og til er det dei vanskelege avgjerdene ein må ta. Avgjerder der omsynet til pasienten må vege tyngst, omsynet til den respekten og verdigheita siste livsfase bør møtast med.
Medisinen balanserar på eit tviegga sverd. Lina mellom fullkommen lykke over å ha fått ein ny sjanse, kan også erstattast med ei endelaus sorg over eit tapt menneskeliv. Prosessen er vanskeleg for alle partar. Som framtidig lege kan ein berre håpe ein har nok kunnskap og mot til å stå for dei verdiane ein trur på. På den måten så kan eit trist kapittel også medføre ei verdig avslutning på eit verdig liv.
Helsa til våre eldre og vala ein må stå ovanfor som pårørande, pasient eller helsepersonell er fylt med forventningar. Nokre forventar ei fredfull avslutning, andre vil kjempe til siste slutt, medan nokon ikkje veit si arme råd. Ein dag er det eg som står i eit vegkryss der vala mine får uana konsekvensar. Ein dag må eg ta avgjerder som vil påverke livet til dei eg behandlar. Eg har vald eit yrke og eit fagfelt som gjer meg utsett, samstundes har det førd meg inn i situasjonar der møte med døden har vore ei fin stund, der både pårørande og pasient har fått kontroll over det ukjende og fått sagt eit verdig farvel. Farvel til kvarandre og farvel til det livet som alltid verka så evig.
Han var forkledd som ein redningsmann, men det viste seg at han enda opp som det motsette. Han handla kanskje i god tru, men handlingane hans førde oss inn i ein tidagars kamp mellom livet og døden. Bestemor som ein gong hadde utstråla livskraft og vitalitet, reiste frå det livet ho elska som ei tynn, skral og sliten dame. Den verdigheita ho ein gong lyste, rann ut i takt med den intravenøse væska som gjekk inn. Medisinen som skulle gje oss meir tid, gav oss samstundes også meir sorg. Den tok frå oss respekt og kontroll og gav oss ei kjensle av fortviling.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.