Mest aktive brukere »

Kronikk.

Det historielause instituttet

På Universitetet i Bergen forvaltar Institutt for økonomi eit historierikt fag på ein historielaus måte. Ved verdas beste universitet, Harvard, har økonomistudentane gjort opprør mot einsrettinga av undervisninga. Det er eit eksempel til etterfølging.

THOR OLAV IVERSEN
Sist oppdatert: 10.02.12 kl. 16.42

Dei matematiske metodane økonomar nyttar i mikro- og makroøkonomisk metode kan vera kraftige vitskaplege verktøy, men for å byggje eit logisk heilskapleg og matematisk system må ein alltid gjera offer i prosessen. Alle økonomiske modellar inneheld eksempelvis urealistiske antakelsar som dei er avhengige av for å fungere. Derfor er det prekært at alle som studerar økonomi lærer om sin eigen faggrein frå eit perspektiv som tek utgangspunkt i faktiske hendingar. Ellers vil ein ikkje vera i stand til å sjå modellane og metoden ein lærar i ein konstruktiv og lærerik samanheng.

Som økonom dreg ein altså ikkje utelukkande nytte av å forstå korleis ein byggjer opp ein matematisk modell som prøver forklare ei ofte snever side ved enormt komplekse prosessar. Skal nokon tilnærme seg ei heilskapleg forståing av økonomiske fenomen og diskusjonar må dei på grunnlag av avgrensingane til metodeapparatet komplementere med studie av historie og samtidsfenomen.

I 2009 skreiv Studvest ei sak om at Universitetet i Bergen ikkje tilbaud fag som tok for seg finanskrisa. Dåverande instituttleiar Steinar Vagstad svarte at dei ønskja seg eit historiefag, men grunna ressurssituasjonen ikkje hadde anledning til å prioritera det. No er over to år gått, men endå er ikkje noko gjort med undervisningstilbodet.

Konsekvensen av den akutte mangelen på empirisk og aktuelt perspektiv i økonomiundervisinga ved Universitetet i Bergen er blant anna at ein kan vera ferdig uteksaminert samfunnsøkonom (med gode karakterar) og gå rett inn i eksempelvis finansdepartementet utan å ha nokon kunnskap om  kva renta i Noreg vart styrt etter for 10 år sidan, finanskrisa eller situasjonen i Europa i dag. Det kallar eg og mange med meg eit stort problem med samfunnsmessige implikasjonar. Universitetets svar på finanskrisa fekk eg dessutan i vår: inkludering av ein enkelt variabel i ein enkelt modell i undervisning av eit enkelt fag.

  • Thor Olav Iversen er masterstudent i samfunnsøkonomi ved UiB.
  • 14. februar arrangerer Studentersamfunnet debatt om «Det historieløse økonomifaget».

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.