Tora Aasland, statsråd for forsking og høgare utdanning, har valt å kalle 2011 for Vitskapsåret, året der dei store spørsmåla skal stillast. Døme på desse spørsmåla er ei rekkje problemstillingar hovudsakleg frå tekniske og naturvitskaplege fag. Det er påfallande at fagretningar innan humaniora ikkje peikar seg ut som naturleg å nemne i samanheng med nettopp dei store spørsmåla i tilværet. Kanskje tenkjer Tora Aasland at humaniora har nok med å forsvare sin eigen eksistens, eller har fått eit litt for tilsmussa rykte i kjølvatnet av Hjernevask til å bli nemnd i ein slik samanheng? Det er viktig med debatt, men humaniora må tole stadige nedskjeringar og kutt, samt nedvurdering av desse faga sin verdi – i ei snever tyding av omgrepet. Diskusjonen kring dei humanistiske faga si rolle har gått føre seg ei stund og me helsar delar av han velkomen. Det er viktig at humanistar har eit medvite og sjølvreflekterande tilhøve til kva rolle dei skal spele i samfunnet. Samstundes har humanistar ein lei tendens til å ikkje klare å synleggjere tydeleg nok kvifor dei er uvurderlege for eit moderne demokrati. Som det nyleg vart påpeika i Gjert Kristoffersen sin kronikk her i Studvest så står humanistar midt i dei store og sentrale problemstillingane i menneskelivet. Me seier oss samde i denne vurderinga og ynskjer difor å framheve humaniora sin sentrale plass i diskusjonen kring dei «store spørsmåla» og norsk samfunnsdebatt.
Filosofen Martha Nussbaum syner i boka si «Not for Profit» (2010) at humaniora gjennomgår ei stille krise verda over. Usikre tider på verdsmarknaden skapar ei redsle hjå myndigheiter for svekka konkurransedugleik og dei vel difor å auke støtta til fag og forsking som fremmar kortsiktig økonomisk vekst. Nussbaum hevdar at dette fører til at humanistiske fag vert skorne vekk i så godt som kvart land i verda. Ho trekk fram døme frå USA og India der profittmaksimeringa undergraver støtta til såkalla mindre lønsame studium. Dette fell saman med den rådande rolla teknologien har i samfunnet vårt. Den teknologiske utviklinga har ført til framsteg og økonomisk vinning, og er framleis knytt til desse godane. Tekniske og naturvitskapelege fag vert såleis prioriterte føre dei humanistiske – teknologien har fått ei så framtredande rolle at ein her kan snakke om eit byrjande teknologiimperativ. Dette vil seie at det at ein har teknologi til å realisere noko vert eit argument i seg sjølv for å realisere det. Når eit slik imperativ tek overhand, gjerne i samband med tankar om auka økonomisk gevinst, startar ei farleg utvikling som i verste fall kan utdefinere dei etiske problemstillingane endå meir enn dei allereie er frå til dømes norsk offentlegheit. Kvar er humanistane? Det har vorte hevda fleire gangar at noko av det viktigaste humanistar kan tilføre norsk offentleg ordskifte er å kritisere lønsemdstenking og profittfokus der slike tankar ikkje burde vere i fokus. Ein kan spørje seg kvifor humanistar har latt BI-økonomar og målstyringsideologi få trenge inn og definere føremålet til institusjonar der ein slik tankegang korkje er naturleg eller føremålstenleg. Er til dømes eit universitet ei verksemd som kan styrast på lik linje med andre verksemder?
Det finst i dag lite rom for spørsmål og diskusjon rundt korleis og med kva motiv ein skal nytte teknologien, og kvar grensene skal gå for styring basert på marknadsøkonomiske prinsipp. Me er alle samde i at nyvinningar innan teknologi vert viktig i arbeidet med dagens store problemstillingar rundt klima og energiforbruk. Likevel vert det ein fattig og mangelfull debatt dersom vi let vere å samstundes diskutera det etiske grunnlaget for handlingar knytt til bruk av teknologi. Det har vorte hevda frå fleire hald at både naturkatastrofane og opprøra i Nord-Afrika den siste tida viser at sterke sivilsamfunn er ein naudsynt føresetnad for å kunne takle store utfordringar. At eit folk kjenner rettane sine, si historie, og har knytt band som gjer dei i stand til å samarbeide, er essensielt i eit godt demokrati, eller for å kunne kjempe for eit demokrati i det heile. Dei utfordringane me står ovanfor globalt og lokalt sett i dagens samfunn har eit sterkt behov for ressursar og innspel frå humanistiske aktørar. Det er desse disiplinane som gjer oss i stand til å forstå ein annan kultur, til å kunne vurdere våre statsstyrarar kritisk og til å samanlikne motstridande syn i ein diskusjon. Teknologiske og økonomiske nyvinningar kan ikkje hjelpe oss med å skilje mellom rett og galt, godt og vondt i mennesketilværet. Humaniora representerer såleis ikkje ein så vag og lite matnyttig fagdisiplin som det ofte vert framstilt. Dei humanistiske faga gjev oss heilt naudsynte verktøy som gjer oss i stand til å aktivt delta i samfunnet og påverke vår eigen kvardag, globalt og nasjonalt.
Naturvitskapen og teknologien sine framsteg er svært viktige, men utan ein debatt om korleis desse skal nyttast er det ofte nettopp behovet for stadig økonomisk vekst som får styre retninga, medan menneskelege vilkår kjem i andre rekke. Å sjå behovet for humanistiske verdiar og kunnskapar vil derimot styrkje eit samfunn på ein meir solid måte enn det eit stigande BNP gjer åleine. I Noreg i 2011 finn me oss i ein såpass trygg økonomisk situasjon at me har overskot til å fokusere meir på kva som ligg til grunn for politikken som vert ført. Likevel ser ein dei same tendensane som Nussbaum skildrar også her til lands. Økonomi og effektivitet er mellom dei viktigaste stikkorda som ligg til grunn for styringa av universitetet, og me produserer studiepoeng meir enn me søkjer kunnskap. Nyleg vart klassisk arkeologi og antikk historie lagt ned ved UiO, som nok eit døme på nedprioriteringa av humaniora og ei påtrengande økonomistyring. Dette er galt prioritert, og eit døme på kor langt målstyringa og jaget etter profitt har gått. Her må me humanistar kome på bana, syne alternativa og halde eit kritisk blikk på utviklinga. Debatten om det gode samfunnet er ikkje gått ut på dato. Framleis er det aktuelt å spørje kva som eigentleg er godt for menneske og byen.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.