Mest aktive brukere »

Kronikk.

Studentane vert fattigare kvart år

Illustrasjon: NINA BERGHEIM DAHL

I dag er støtta frå Lånekassen tre fjerdedeler av det ho var på sytti-, åtti- og nittitalet. Ein har meir i kroner og øre, men stadig lågare kjøpekraft.

AUDUN KJØRSTAD
Sist oppdatert: 24.08.11 kl. 00.52

Statistisk sentralbyrå (SSB) si årlege leigemarknadundersøking syner at leigeprisane på landsbasis har auka med 5,47 prosent sidan i fjor. Til samanlikning auka studiestøtta med 1,6 prosent i same periode. At støtta frå Lånekassen ikkje held tritt med prisveksten elles i samfunnet er diverre gamalt nytt. Sidan like før årtusenskiftet har studentane vorte fattigare for kvart år som har gått, og SSB kunne tidlegare i år melde at berre seks prosent av landets studentar klarar seg utan anna inntekt enn studiestøtta.

«Alt var mykje betre før»

Av ein eller annan grunn får vi studentar sjeldan medhald i at den økonomiske situasjonen vår er dårleg. Det finst alltid ein gammal travar som kan fortelje oss at studentane var so mykje flinkare før. Gårsdagens studentar klarte seg på mindre pengar, fekk ei betre utdanning, drakk mindre og jobba gjerne fulltid ved sidan av studia. No skal ein rett nok helst ta kommentarane ein finn nedst på nettavisene sine kommentarfelt med meir enn berre éi klype salt, men overraskande nok er dette haldningar eg har truffe på òg utanfor nettavisene.

Etter å for ørtande gong ha fått høyre at eg og heile min generasjon er ein gjeng bortskjemde sutrepavar gjekk eg litt lei. Samstundes vart eg litt nyfiken. Kor mykje fekk eigentleg desse superstudentane frå sytti-, åtti- og nittitalet i studiestøtte, og korleis kunne dei overleve på berre nokre få slantar, knappar og glansbilete? Rett nok fekk ein mange fleire karamellar for 25 øre den gongen, men so stor kunne vel ikkje skilnaden vere?

Den faktiske utviklinga

På Lånekassen sine nettsider finn ein ei oversikt over korleis studiestøtta har utvikla seg over tid, og på NAV sine nettsider finn ein ei oversikt over korleis grunnbeløpet har utvikla seg over tid. Ved å samanlikne desse kan ein få eit bilete på korleis den studentøkonomiske situasjonen har utvikla seg frå 1975 og fram til i dag.

Når ein set desse tala opp mot kvarandre ser ein at studiestøtta frå fyrste stund har lege stabilt rundt 1,5 G (1 G er eit grunnbeløp som årleg fastsettes av Stortinget for å regulere offentlege trygdeytelsar. Per 1. mai 2011 er 1 G lik kr 79 216,-). Når lønsveksten i samfunnet har auka, har studiestøtta historisk auka like mykje. Heilt fram til nittitalet låg studiestøtta aldri meir enn eit par prosent frå 1,5 G, og i somme periodar var støtta jamvel like over 1,5 G.

I 1998, med Bondevik I ved roret, endra situasjonen seg. Avstanden mellom studiestøtta og 1,5 G vaks, fram til styresmaktene i 2002 (Bondevik II) auka beløpet til å tilsvare meir eller mindre nøyaktig 1,5 G. Diverre skjedde det ikkje stort etter dette. Studiestøtta stod urørt i nokre år, før ein i 2006 (Stoltenberg II) byrja konsumprisindeksjustere studiestøtta. Den prosentvise auken på studiestøtta var i denne perioden rundt 2 prosent, medan den samtidige auken i lønsnivået var på rundt 4,5 prosent.

Omrekna til 2011-kroner

For å få ei betre forståing av kva studentar har hatt å rutte med til forskjellige tider har eg rekna om både grunnbeløpet og studiestøtta til dagens kroneverdi (mai 2011). I dette reknestykket kjem det tydeleg fram at gårsdagens studentar hadde mindre i kroner og øre enn dagens studentar, men ei kjøpekraft som i snitt låg på eit meir akseptabelt nivå. Medan studentar på sytti-, åtti- og nittitalet alle hadde ei studiestøtte som i snitt låg nokre hundrelappar over 1,5 G, har studentane i perioden 2000–2010 hatt ei studiestøtte som i snitt har vore ti tusen kroner under 1,5 G. For perioden 2011–2012 ligg studiestøtta meir enn tjueseks tusen kroner under 1,5 G, og avstanden aukar for kvart år som går.

Det verste er at trolla i kommentarfelta faktisk har rett. Alt var mykje betre før.

FAKTA
  • Audun Kjørstad er leiar for Velferdsstyret.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.