Mest aktive brukere »

Kronikk.

Velkomen etter, vyrde nynorskbrukar!

OLAV THORHEIM
Sist oppdatert: 14.03.12 kl. 02.46
   

I november kom meldingi frå Kulturdepartementet: Den nye rettskrivingi for nynorsk vert godkjend, og skal gjelda frå hausten 2012 av. Ei rettskriving sett i hop som eit personlegt kompromiss millom personar som vantar fagleg bakgrunn og autoritet, men som eit hjelpeslaust departement ikkje er i stand til å setja foten ned for. Kva slags lærdomar kann den vanlege nynorskbrukaren draga? Bodskapen vår denne gongen må vel heilt einfelt vera at høgnorskrørsla kann segja velkomen etter til alle nynorskbrukarar. No er alle nynorskbrukarar kasta ut i eit uforståeleg kaos av kva som er lov og ulovleg. Men dette hev me levd med i alle år allereide, me som hev halde oss til den nynorsken som Ivar Aasen sjølv valde. Tidi må difor vera komi for å lata offisiell rettskriving få vera offisiell rettskriving, og helder basera seg på det som hev hevd og tradisjon. For oss som stend for den allereide forbodne høgnorsken er det ingi stor krisa um endå fleire tradisjonelle nynorskformer vert reinska ut or offisielle rettskriving. Tvert imot: Høgnorsken stend endå meir markert andsynes den offisielle nynorsken, etter dette.

Kven er taparane? Dei som hev nækt seg for godt um denne rettskrivingi skal gjenomførast, er dei som trur at det vert meir einskap i rettskrivingi og lettare å skriva rett nynorsk, um ein tek burt i-målet og høgnorskformene. Å taka burt dei formene som dei seinste 60 åri snaudt hev vore synlege og endå mindre mynsterdanande for rettskrivingi, kann då umogleg føra til nokon framgang for nynorsken. Det er ikkje høgnorskrørsla som er taparane etter at den nye rettskrivingi gjekk igjenom. Det er derimot den fløyen av konservative målfolk som hev vore lojale mot den offisielle rettskrivingi, og som hadde tru på avslag og kompromiss innanfor denne. Sume hev stade for ei målførelina som til dømes kunde gjeva bygdefolk på Voss høve til å nytta konservativ nynorsk med i-mål., men den lina kjem til å vera daud, dersom ein skal halda seg til den rettskrivingi som kjem no. Det burde vera i ålmenn interessa millom alle konservative og moderate nynorskbrukarar, at høgnorskformene fekk sleppa til att i ordlistone. Di fleire tradisjonelle nynorskformer som slepper til i nynorskordlistone, di meir tradisjonell vert ogso “gjenomsnittsnynorsken” - endå um han framleis kjem til å vera langt frå høgnorsk. Normaltalemål og høgnorsk kjem i all yverskodeleg framtid til å vera eit prosjekt for dei mest medvitne og yvertydde nynorskbrukarane - men nett difor treng me helder ikkje um å vera so mange fyre me allereide hev gjort ein skilnad - og det til bate for alle som ynskjer ein betre og meir tradisjonell nynorsk!

Ei hjelpelaus stoda På yverordna nivå finst det ei rad åtgjerder som er der for å styrkja nynorsken, men som likevel ikkje kjem til sin rett: 1. Kulturdepartementet kom for allereide 14 år sidan med ei stortingsmelding som gjorde ende på samnorskperioden, og slo fast at nynorsken skulde normerast på eige grunnlag. Likevel var korkje Norsk Språkråd eller det seinare Språkrådet i stand til å koma upp med ei skapleg og sjølvstendig rettskriving for nynorsk, og når uppgåva til slutt vert yverlati til ei nemnd av gamle mållagsaktivistar, er resultatet til slutt ein endå meir bokmålsnær nynorsk. 2. I norskfaget i skulen hev ein både dialektlæra, språkhistorie, litteratsoga og so burtetter,

og alt dette for å styrkja interessa og forståingi for nynorsken. Likevel er det til sjuande og sist nynorsken som skal kuttast ned på, som me hev sett frå sidemålsordskiftet og frå utspeli frå styresmaktene i dei seinaste åri. 3. Kvart år gjev staten millionar til Noregs Mållag, men desse pengane tener ikkje til anna enn å halda upp strukturar og arbeidsmåtar som ein allereide hev 60 års røynsla nok med til å kunna slå fast at dei ikkje fungerar.

Når nynorskfolk og nynorskinstitusjonar ikkje ser verdet av å halda uppe gamle sedvaneformer i nynorsk rettskriving, tykkjer me at det er ille. Det er i det heile sjeldsynt at det kjem utspel frå målfolk i dag. Når dei kjem, er det ofte forsvarsutspel eller so er det utspel som gjeng på å få tak i statsmidlar. Men leidande målfolk burde tenkja meir på å finna nye framvegar for målsaki og mindre på å få tak i pengar frå staten. Staten er berre ein av mange aktørar. Og målrørsla må for all del ikkje yverlata til staten å avgjera rettskrivingsspursmål, utan at ein tryggjer seg um at mindretalsrettane til gruppor av målfolk vert sikra.

 

 

Olav Torheim er redaktør for tidsskriftet Målmannen. 

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.