Mest aktive brukere »

Leder.

Gir seg altfor tidleg

Norsk Medisinstudentforening går minste motstands veg, og legg seg på rygg for eit forslag dei ikkje eigentleg vil ha

.
Sist oppdatert: 23.03.11 kl. 00.58

Det har vore mykje diskusjon rundt turnusordninga for medisinstudentar etter at Helse- og omsorgsdepartementet kom med forslag til å endra den frå å vera basert på loddtrekking til å vera søkjarbasert. Som du kan lesa i Studvest denne veka er dette eit forslag mange medisinstudentar er svært skeptiske til, og som dei har organisert seg for å arbeida mot. Dei fryktar fleire negative konsekvensar, særleg diskriminering av studentar med utanlandsk klingande namn eller kvinner som kan måtta ta barselpermisjon. Men trass denne motstanden valde Norsk Medisinstudentforening (NMF) å godta forslaget om søkjarordning på landsmøtet i helga.

Argumenta NMF, som er medisinstudentane sin øvste interesseorganisasjonen, brukar for denne avgjersla er at den søknadsbaserte turnusen «mest sannsynleg er noko myndigheitene allereie har bestemt seg for å innføra». Dei seier til Studvest at dei gjerne skulle sett at loddtrekkinga heldt fram, men dei har likevel altså gitt opp kampen før han har starta. Frå noko som skal vera ein interesseorganisasjon er dette ei feig avgjersle.

Både Turnusaksjonen og NMF er einige om at den gamle ordninga hadde fleire feil og manglar, og om at endringar trengst. Dei er samstundes også einige om at loddtrekking er det beste. Turnusaksjonen har så peikt på fleire forslag til turnusordningar som kombinerer desse to momenta. Likevel går altså NMF minste motstands veg, og legg seg på rygg for eit forslag dei ikkje eigentleg vil ha.

Det er vanskeleg å sjå kva ein interesseorganisasjon skal gjera om dei ikkje skal kjempa for medlemmene sine interesser. Som leiar for Turnusaksjonen i Bergen seier til Studvest: «Det blir som at ein i lønnsforhandlingar nøyer seg med det ein får for å halda seg inne med motparten. NMF er no meir opptekne av å ha innflytelse og å vera venner». Sjølv om ein står overfor ein mektig motpart som Helse- og omsorgsdepartementet er det viktig at ein organisasjon som NMF står på sitt, og ikkje svelgjer denne kamelen berre fordi det å gjera motstand verkar vanskeleg. For det første får dette NMF til å framstå som eit svakt organ, og for det andre kan det få negative følgjer for medisinstudentane si stemme i andre, viktige saker. Sidan dei no vik så lett unna, vert det lett å køyra over NMF ved neste korsveg.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.