– 2011 skal bli det året der me skal diskutera vitskap, høgare utdanning, forsking og innovasjon. Slik presenterer statsråd for forsking og høgare utdanning Tora Aasland regjeringa si nye satsing «Vitskapsåret 2011». I ei pressemelding frå regjeringa hevdar ho at me i år skal stilla dei store spørsmåla, om våre visjonar, forventningar og behov.
Etter over tre år med Aasland som ein relativt usynleg minister, er det litt vanskeleg å la seg riva med av retorikken hennar, og sjå for seg at dette skal bli året med vitskap og høgare utdanning på agendaen. Endå vanskelegare blir det når Høgres Henning Warloe denne veka seier til Studvest at forslaget om Vitskapsåret vart «lansert litt ut i lause lufta før jul». Det luktar rett og slett nok ei rekkje store ord og flosklar som neppe kjem til å føra Noreg som kunnskapsnasjon vidare. Det hjelper ikkje å stadig repetera at kunnskap er viktig dersom handling ikkje beviser at dei faktisk meiner det.
Planen regjeringa har så langt er å arrangera debattar, seminar og konferansar rundt om i landet. Me håpar dette kan skapa større dialog mellom næringsliv og akademia og setja fokus på kva kunnskap me faktisk treng i samfunnet. Men det er ikkje nok at Aasland har tenkt å skapa debatt og dialog. Leiar i Forskerforbundet Bjarne Hodne har eit godt poeng når han påpeikar at fokus i større grad burde vore på arbeidsforholda og økonomien til forskarane. Me har høyrt historiane om stipendiatar som arbeider under usikre tilhøve i midlertidige stillingar, og Warloe påpeikar i Studvest at forskingsbudsjettet reelt sett går ned dette året. Om 2011 verkeleg skal bli vitskapsåret, er det vitskapsmenna som må sørga for det. Og for dei er heilt sikkert ressursar vel så interessant som debatt. Tora Aasland og regjeringa si fremste oppgåve må vera å leggja til rette for at dei smarte kan gjera jobben sin.
Når det er sagt, håpar me skepsisen vår blir gjort til skamme. Statsvitar Bernt Hagtvet seier til Studvest at han håpar «Vitskapsåret 2011» vil gi større forståing for kunnskapen sin eigenverdi i det moderne samfunnet. Dette stiller me oss bak. Ingenting vil vera betre enn at me i 2012 kan sjå tilbake på eit år der vitskap og kunnskap faktisk vart sett i høgsetet. Så Tora Aasland: Vis oss kva du kan.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.