Mest aktive brukere »

Leder.

Pinleg retrett

Heile prosessen vitnar om kor lite gjennomtenkt forslaget om ny studiestøtte var.

-
Sist oppdatert: 08.10.10 kl. 15.43

Statsbudsjettet for 2011 er no lagt fram. Jamt over har høgare utdanningssektoren kome greit ut av budsjettet, sjølv om kravet om 11 månaders studiestøtte på ingen måte nærmar seg ein realitet. Det mest håplause forslaget i statsbudsjettet for 2011, var imidlertid Kunnskapsdepartementet (KD) sitt framlegg om å fordele utbetalinga av studiestønad likt i dei ti månadene det blir gitt. Forslaget vart møtt med hovudristing og vantru så snart det vart offentleggjort.

Under KD sin pressekonferanse forsvarte både Tora Aasland og Kristin Halvorsen forslaget. Dei trudde at forslaget var forankra blant studentane viste til studentane i styret i Lånekassen. Det er hårreisande å basere ei så omfattande endring på noko studentrepresentantane i Lånekassen sitt styre visstnok meinte. At det seinare viste seg at dei slettes ikkje var for forslaget, men imot, gjer fiaskoen komplett.

Ein treng heller ikkje ha så inngåande kunnskap om studentlivet for å forstå at dei fleste treng meir pengar i august, når ein må kjøpe pensumbøker og betale depositum på hybelen, enn i resten av året. Vegen frå KD til studenthybelen er tydelegvis alt for lang.

Som Gudbrand Johannes Qvale, leiar for Kjernestyret på NHH, seier i denne vekas Studvest, vitnar i tillegg KD sitt forslag om overformynderi. Studentar er vaksne menneske og må sjølv få lov til å disponere studiestøtta dei mottek.

Det er sjølvsagt bra for studentane at forslaget vart trekt same dag som det vart lagt fram, men at det i det heile tatt vart sett fram er både talentlaust og skuffande. Nokon har rosa KD for den kjappe heilomvendinga. Å for ros for å ha bråsnudd etter studentrefs, er ikkje rimeleg. Dei burde heller få kritikken dei fortener for å ikkje ha snakka med studentar før vedtaket vart fatta. Heile prosessen vitnar om kor lite gjennomtenkt forslaget var.

Misnøya mot Aasland og Kunnskapsdepartementet har ulma i fleire år. Skal dei raudgrøne klare å halde på studentstemmene fram mot neste stortingsval, må dei evne å inkludere studentar i viktige avgjerdsler som angår studentane.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.