Mest aktive brukere »

Leder.

SiB leikar med ilden

SiB har gjort eit grovt feiltrinn i å unnlata å gi bebuarane sine ordentlege brannverninstruksar.

.
Sist oppdatert: 13.04.11 kl. 01.20

Kva gjer du om det byrjar å brenna? Set du deg roleg ned på rommet ditt, lukkar alle dører, ventilar og vindauge? Eller opnar du døra for å sjå kva som skjer, og dersom røyken faktisk veltar fram, prøvar du å komma deg ut? Antakeleg det siste.

Men SiB sin kommunikasjonsdirektør Marita Monsen fortel i denne vekas Studvest at dette er heilt feil reaksjon derson ein er leigetakar hos samskipnaden. SiB sine hyblar er brannceller, altså røyk- og ildspreiingssikre. Difor skal ein stenga seg inne om det byrjar å brenna. Difor går det ifølgje ho heilt greitt å ha handikapbustadar i dei øvste etasjane, utan noko rømningsveg for desse ved brann. Ho hevdar SiB sine bustadar held høgare brannvernstandard enn lovene krev. Det same kan ikkje seiast om tryggleiken til SiB sine leigetakarar. Dei anar nemleg ikkje dette. Sist gong SiB informerte om rutinar ved brann var i 2006, etter at det faktisk hadde teke fyr. Brent SiB skyr tydelegvis ikkje ilden.

Det er få ting som må vera så idiotsikkert som brannvern der ein bur. Men så lenge bebuarane ikkje er klar over kva dei faktisk skal gjera i ein brannsituasjon, verkar ikkje dette systemet idiotsikkert nok. Dører skal ikkje stå lenge opne før røyk har spreidd seg over eit stort område. Opning av dører eller vindauge vil eliminera heile branncelleeffekten, og utan informasjon om at dette må unngåast, er det lett å sjå for seg at akkurat det vil skje, og at det kan få fatale følgjer.

For kva gjer ein rullestolbrukar med bustad i fjerde etasje då? Heisen fungerer ikkje ved brann. Trappene er sjølvsagt utelukka. Og dette er ikkje det verste scenarioet ein kan tenka seg. Kva om det tek fyr inne på rommet til ein funksjonshemma? Og kva om denne personen ikkje kjem seg opp av senga utan hjelp? Nei, SiB sitt brannvern er ikkje idiotsikkert nok. Eit sprinklaranlegg hadde kanskje hjelpt?

Det grovaste feiltrinnet SiB har gjort i dette tilfellet, er å ha unnlate å informera og kursa bebuarane i husa sine. Då har ein ikkje særskilt høg branntryggleik, slik Monsen hevdar. No har dei likevel tenkt å begynna med det, som dei påpeikar til Studvest. Vel femti år etter dei fekk sine første studentbustadar. Dermed også femti år for seint. Som den viktigaste bustadinstitusjonen for bergenske studentar er det ytterst nødvendig å setja ein høg standard når det kjem til branntryggleik. Her har SiB gjort ein usedvanleg, og potensielt farleg, jobb.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.