Dei siste fire vekene har Studvest intervjua to kvinner og to menn som har klare tankar om det nye Utdannings-Noreg. I staden for ordinære nyhendesaker med mange kjelder, har vi hatt omfattande nyhendeintervju med Inge Lønning, Knut Kjeldstadli, Inga Bostad og Eli Bergsvik.Vi har spurt dei to hovudspørsmål: Kva veg går det nye Utdannings-Noreg og kva veg burde det gå?
Eit av dei mest konkrete tema som har kome opp i artikkelserien, er spørsmålet om skulepengar. Historieprofessor Knut Kjeldstadli frå Universitetet i Oslo, fryktar at ei innføring av skulepengar vil føre til at rekrutteringa til høgare utdanning vert merkbart skeivare. Inga Bostad, prorektor ved UiO er også ein sterk motstandar av skulepengar. Studvest støttar deira påstandar. Må ein betale for studiet, er det liten tvil om at personar frå familiar med mindre økonomiske ressursar vil nøle med å ta opp ekstra lån til utdanning. Dette er i seg sjølv eit fullgodt argument mot skulepengar.
Debatten om skulepengar har allereie blitt stor i mange europeiske land. I ein rapport frå den britiske regjeringa anbefaler dei at ein opnar fritt opp for skulepengar og kuttar all statleg støtte til studiane. I kampen om kronene har det nyleg også blitt vedtatt at utdanningssektoren må under sparekniven. Britiske universitet vil få 40 prosent mindre statleg støtte til undervisning i 2014 enn i dag. Dette vil truleg føre til ei enda sterkare marknadsretting i utdanningssektoren, der berre dei utdanningane som studentane vil betale for, får leve. I så fall er utdanningssektoren på ville vegar, og mangfaldet kan gå tapt.
Utviklinga i Storbritannia er urovekkjande og viser kor fort radikale endringar kan skje. Er ikkje politikarane villege til å prioritere høgare utdanning i åra framover, kan denne tendensen også gjere seg gjeldande i Noreg. Som Kjeldstadli påpeika i artikkelen vår, kan debatten om skulepengar blusse opp for alvor etter eit eventuelt regjeringsskifte i 2013. I så fall vil prinsippet om lik rett til utdanning bli rasert.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.