I august brukar avisene i Bergen å kunna slengja rundt seg med overskrifter om fyll og sex, kombinert med bilete av studentar med sløra blikk omringa av ølboksar. Dette har UiB sett seg lei av, og fadderveka er no oppe til diskusjon ved universitetet. Ei eiga arbeidsgruppe er oppretta for å setja nokre felles rammer for fadderopplegget, men som du kan lesa i Studvest denne veka, møter tiltaket blanda reaksjonar. Sjølv om Studentparlamentet ved UiB tilslutt gjekk inn for ein avtale for alle framtidige fadrar, var motviljen hos somme stor. Leiaren for Sosialdemokratane hevdar at sex og alkohol er ein del av studenttilværet. Vel, det kan så vera. Men når me ønskjer nye studentar velkommen til studentlivet, er det verkeleg dette me skal hjelpa dei med?
Ja, det er lov å ha det kjekt. Og ja, me er vaksne menneske. Men drikkepress, utagerande åtferd og bråk som held sentrumsbebuarar vakne om nettene er ikkje noko me bør forsvara. Me bør ikkje leggja opp til ei bonusveke til russetida, men det er slik fadderveka har blitt.
Om det skal vera noko poeng med fadderveka må den ha noko innhald utanom det flytande. Nye studentar må bli kjent med Bergen, lærestaden og det ein som student kan engasjera seg i. Nemleg det som utgjer studentbergen. Arrangement der dei nye kan gjera seg kjent med studentorganisasjonar bør stå sentralt. Dessutan bør fakulteta gi smakebitar på det faglege studentane har i vente. Ingen treng hjelp til å finna vegen frå Scotsman til Metro. Det finn ein fort nok ut på eiga hand.
Ein del av kritikken mot avtalen som skal gjerast med framtidige fadrar er at den vil gjera rekrutteringa vanskelegare. Om det at ein må forplikta seg til å ta litt omsyn til omverda og gjera noko anna enn å dra på fylla med fadderborna sine skremmer folk vekk frå faddervervet, var dei kanskje ikkje skikka til det i utgangspunktet? Me bør hugsa på at faddergruppene har på seg t-skjorter med UiB-logo når dei sjanglar rundt i byen. Det er ikkje svært god reklame.
Me i Studvest vil gi UiB honnør for å evaluera fadderveka og synest det er bra at Studentparlamentet ved UiB følgjer dette opp. No håpar me andre lærestadar i byen gjer det same, slik at fadderveka kan bli noko studentar ved institusjonar for høgare utdanning kan stå inne for.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.