Mest aktive brukere »

Leder.

Uhaldbar undervisning

Etter gjentekne klager på forelesarane sine pedagogiske evner, held ikkje orsakingar. HiB må ta affære.

.
Sist oppdatert: 23.11.10 kl. 22.19

Antakeleg har alle studentar opplevd å vera på forelesning og tenkt at ein i staden burde gjort noko heilt anna. Det handlar sjeldan om at forelesaren ikkje let til å ha peiling om det han snakkar om, men om at han eller ho ikkje klarar å formidla bodskapen. I Studvest denne veka kan ein lesa at studentane ved Høgskolen i Bergen (HiB) har klaga over dei pedagogiske evnene til forelesarane i til saman fire undersøkingar sidan 2004. Den siste er gjennomført i år og viser inga betring.

Det er vel og bra at undersøkingar om korleis studentar opplever undervisningskvaliteten blir gjennomført. Men når det same problemet kjem igjen jamleg over seks år, må noko gjerast. Utdanningsdirektøren ved HiB forklarar at forelesarar som får klager frå studentar vert tilrådd å ta kurs i pedagogikk for å verta betre. Samstundes fortel ho at slike kurs ikkje har blitt arrangert på to år. Rektor ved HiB Eli Bergsvik synst det er dumt at problemet ikkje har blitt betra, og vedkjenner at tiltaka ikkje har vore systematiske nok. Etter heile fire påminningar om problemet, er det ikkje nok å koma med slike orsakingar. Noko meir burde vore gjort.

Ein kan mistenka at ikkje alle forelesarar tek like tungt på jobben som formidlar i forhold til det å vera forskar. Særleg vert dette illustrert ved at tida vitskaplege tilsette brukar på undervisning vert kalla forskingsfri undervisningsplikt. Når ein arbeider ved ein undervisningsinstitusjon er ei slik haldning uhaldbar. Undervisning er minst like viktig som det å forska. Så lenge ein ikkje har formidlingsevne vil ei forelesing vera verdilaus. Dei to timane den tek er då bortkasta tid for både studentar og forelesar, og ressursar kasta ut vindauget for undervisningsinstitusjonen.

At HiB ikkje har klart å betra denne situasjonen på seks år, er difor under ein kvar kritikk. Å få dei valfrie kursa på beina er ein start, men obligatorisk kursing av nytilsette slik som på Universitetet i Bergen og Norges Handelshøyskole burde også vera eit minstekrav. Ingen er fødde pedagogar, og sjølvsagt trengst det opplæring i det å formidla kunnskap. At den største mangelen på slik kompetanse skjer ved ein institusjon som har si eiga læraropplæring er paradoksalt. Men utviklinga må ikkje stoppa med nokre kurs. Eit stadig fokus på undervisning ved utdanningsinstitusjonar er nødvendig. For fagkunnskap ikkje vert formidla, er den verdilaus.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.