Mest aktive brukere »

Leder.

Vår største utfordring

Det er ikkje greitt at studentar har bustadar dei får helseplager av og som dei samstundes ruinerer seg på

.
Sist oppdatert: 23.02.11 kl. 01.09

Det er ingenting studentar brukar meir pengar på enn bustad. Dette er ei kjent sak. Velkjent er det også at standarden på bustadane sjeldan lever opp til at ein faktisk skal bruka majoriteten av pengane sine på å bu der. Slik har det alltid vore. Og kanskje vil det alltid vera slik?

Det verkar i alle fall som om det at studentar bur i tronge hus med mugg, dårleg isolasjon og skadedyr har vorte meir eller mindre sjølvsagt, og noko ein berre må innfinna seg med. Det er tydelegvis noko mange huseigarar synst er greitt, og studentar samtykkjer i det stille ved faktisk å leiga. Og kva val har ein eigentleg? Tak over hovudet må ein jo ha, og valmogelegheiter er ofte ikkje til stades. Verre er det då at også studentpolitikarar i stor grad ser ut til å ha slått seg til ro med at dårleg standard er greitt nok for studentar. I fleire år har dei fronta 11 månaders studiestøtte som si viktigaste kampsak. Kanskje er det viktigare at dei tek kampen studentar ikkje kan ta åleine, nemleg kampen mot ein leigemarknad ute av kontroll og under einkvar kritikk. Det trengst ei meir offensiv satsing på studentbustadar.

Framover vil me i Studvest fokusera på problemet med at studentar er annanrangs leigetakarar, og vel vitande er nøydde til å la seg utnytta. Første artikkel ut i vår nye artikkelserie er eit døme på at bustadmarknaden også fører til konfliktar mellom studentar og fastbuande. Sydnes og Nøstet Velforening klagar over studentar som bråkar og rotar, og peikar på at høg husleige fører til stor gjennomstrøyming av leigetakarar, som igjen gjer problemet uløyseleg og forsoning mellom studentar og naboar umogeleg. Slik vert haldninga om at studentar er uverdige deltakarar i bustadmarknaden forsterka.

Me må ut av den vonde sirkelen. Det er ikkje greitt at studentar har bustadar dei får helseplager av, der det bur rotter under vasken, og som dei samstundes ruinerer seg på. Difor skal me skriva om den elendige standarden, den umogelege marknaden for bustadkjøp, dei skyhøge husleigene og huseigarane som ikkje følgjer opp ansvaret sitt. Men for å gjera det treng me din hjelp. Me vil ha dine historiar og tankar om problemet.

No er det på tide at bustadproblemet vert teke alvorleg, slik at studentar i framtida ikkje forblir ein bustadsunderklasse.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.