Mest aktive brukere »

Leder.

Velg land med omhu

Sit norske studentar så godt i det at utveksling først og fremst er blitt eit høve til å ta ein veldig lang ferie?

.
Sist oppdatert: 18.05.11 kl. 10.30

USA, Australia og Storbritannia vinn kampen om utvekslingsstudentar frå både UiB, NHH og HiB. I Studvest denne veka uttrykkjer både akademia og næringsliv misnøye med denne trenden, både fordi land som Tyskland og Kina er viktige handelspartnarar for Noreg, og fordi me treng fleire med framandspråkleg kompetanse utover engelsk. Men kva skal til for å få meir variasjon? Er det studentane eller lærestadane som må tenka nytt?

Fellesnemnaren for utvekslingsvinnarane er at dei er engelskspråklege. Den viktigaste grunnen til at studentar reiser dit, er fordi ein har kjennskap til språket. Her har lærestadane høve til å gjera ting lettare. Overlevingskurs i tysk, kinesisk og andre språk burde vera eit tilbod ved lærestadane. Slik det er no, skjer dette i hovudsak ved vertsuniversiteta. Men kanskje ville fleire tort å kasta seg ut i eit nytt framandspråk om det skjer i det trygge heimlandet? UiB har planlagt ei innføring i tysk, noko som er ei positiv utvikling, men her kan det gjerast meir.

Samstundes er det kanskje ikkje berre språk som ligg bak den einsformige utvekslinga til bergenstudentane. Ein skal ikkje sjå vekk frå at dykking i Australia eller storbyane i USA lokkar meir enn pølser i Tyskland. Sit norske studentar så godt i det at utveksling først og fremst er blitt eit høve til å ta ein veldig lang ferie? I så fall bør me vakna. Medan ein er i utlandet kostar ein den norske stat store mengder pengar, og me spyttar ein del i potten sjølv. Dette skal vera ei investering, og det blir feil å berre velja det som ser lettast og mest kjekt ut. Det kjem ei framtid, med ein arbeidsmarknad å komma seg inn på. Og ingenting tyder på at den arbeidsmarknaden kjem til å bli lettare enn før.

Den gode nyheita for alle studentar, er at dersom ein no grip høvet og reiser til Tyskland eller Kina, vil ein verta meir attraktiv. Så gjer det. Vær tøff og gå mot straumen. Det er heilt klart ei stor utfordring å dra til eit land der ein ikkje er heilt stø i språket. Men di større vil fordelane bli når ein kjem heim og har ein CV som skil seg ut.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.