Mest aktive brukere »

Synspunkt.

Ein flørt med hysteriet

Det er lett å miste fornufta og samhaldet når frykta bankar på.

INGER MARIE LIEN
Sist oppdatert: 31.08.11 kl. 00.29

Førre veke blei det gjort funn av eit AG3-våpen i eit av studentskåpa ved Humanistisk fakultet ved Universitetet i Oslo. I følgje NRK blei våpenet funne i fleire deler og bar preg av å ha lege der ei stund. Det seier seg sjølv at dette er alvorleg, men slike skåp er vanskeleg å halde kontroll over når dei berre blir sjekka når studenten ikkje betaler for det.

Med tanke på at kven som helst kan melde seg opp som student ved universiteta og høgskulane i Norge, og at kven som helst kan få skåp ved desse institusjonane, var det eitt spørsmål som sneik seg innpå: Kva om dette var ei bombe? Det er nettopp slike «kva om-spørsmål» som får fart på frykta. Dette er ein naturleg del av det å vere menneske, der ein ser for seg verst tenkjeleg utfall for å beskytte seg sjølv. Men oppnår ein beskyttelse, eller blir ein eigentleg berre eit nervevrak?

I det siste har det romantiske bilete av Norge som trygt og fredfullt fått fleire riper i lakken. Nyhende om terroråtak og skulemassakrar, som vi før dømde som typisk utanlandske, har auka i frekvens dei siste åra og brått blitt ein realitet også for oss nordmenn. Å seie at «slikt skjer ikkje i Norge» held ikkje lenger. Konsekvensen av å tenkje slik er at tryggleiken først kjem på plass i etterpåklokskapen. Det må vere mogeleg å få eit trygt Norge ved å vere føre var, men utan tiltak som fører med seg ekstrem overvaking, overdriven datalagring og sikkerheitskontrollar uansett kor enn ein snur seg. Mange vil framleis klare å kome rundt systemet, noko som viser at det dessverre er umogeleg å heilgardere seg. Men frykta må ikkje få ta overhand. For ved å overvake og mistenkleggjere alt og alle, gjer ein det også vanskelegare å halde på samhaldet, demokratiet og medmenneskelegheita som det har blitt snakka så varmt om i det siste.

La oss håpe at framtidas tryggleiks-Norge ikkje medfører svære sikkerheitskontrollar à la flyplass for å kome inn i bygga til universitet, høgskular, bussstasjonar, handlesenter, konsertlokale og liknande. La oss håpe at personvern og privatliv ikkje blir framandord. La oss håpe at statsministeren framleis kan sykle i fred til jobb. La oss håpe at frykta ikkje vinn. USA ligg allereie framfor dei fleste land når det gjeld kontroll og overvaking, og det vil ikkje kle Norge å kome opp på eit slikt nivå. Det er bra å handle etter føre var prinsippet, og tryggingstiltak må til, men det må ikkje bikke over i hysteri. Vi må ikkje skremmast frå eit mindre ope samfunn, men heller hugse å halde på medmenneskelegheita og fornufta.

Inger Marie Lien er nyhendejournalist i Studvest.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.