Og du er herved åtvara: No vil eg vere denne masehøna.
For ei veke sidan kjøpte eg den største mjølkekartongen som finst på marknaden for tida; 1,75 liter lettmjølk. Eg tenkte at det ville bli lett skuring, ettersom eg er ekstremt glad i mjølk. Det viste seg derimot at eg hadde teke meg mjølk over hovudet når det gjaldt berekninga, og den gjekk ut på dato lenge før eg rakk å drikke den opp. Men i staden for å tømme den ut i vasken, bestemte eg meg for at så lenge smaken var inntakt og klumpane uteblei, skulle eg drikke den. Ekkelt seier du? Nei, eg skal fortelje deg kva som er ekkelt, eg.
Det verkeleg avskyelege er at den vestlege verda kastar mat til svimlande ti milliardar i året, samstundes som folk på Afrikas Horn og offer etter naturkatastrofar svelt.
«Kva hjelper det dei om vi et opp maten vår» tenkjer du nok. Og det hjelper dei ikkje. Men i lys av den tilbakevendande debatten om kor skeivt maten og godene i verda er fordelt, er det to ting eg vil poengtere; det økonomiske, og det samfunnsmessige. Vi klagar ofte over dårleg råd, og studentar med trongt budsjett er ekstra utsett. Likevel ser det ikkje ut til å vere noko problem å kaste fullt etande mat rett i bosset, med den grunngjevinga at den er utgått på dato. Det samfunnsmessige derimot, handlar om ringverknadane av at vi kjøper for mykje, som i neste omgang krev større produksjon, som gjer at den vestlege kulturen tek eit endå større jafs av fordelinga.
Det finst mange unnskyldningar for å kaste maten, blant anna at det er vanskeleg å porsjonere rett. Eg veit alt om kor vanskeleg det er å berekne mat til ein person. Situasjonar der eg må avgrense tal påleggssortar, fordi ein eller fleire vil gå ut på dato om eg kjøper for mange, er ei vanleg problemstilling på butikken. Vidare er det både vanskeleg og einsamt å lage berre éin porsjon middag. Trøysta og løysinga blir då ofte restemiddag, og somme tider ein todagars. Middagen kan som kjent aldri kome fort nok på bordet i eksamensperioden.
Misforstå meg rett. Eg meiner absolutt ikkje at vi skal ete mygla mat som fører til magesjuke. Poenget er at vi må tenkje litt meir nøkternt når vi gjer innkjøpa våre, og og vise litt meir skjønn når vi vurderer forfallsdatoen om kor vidt maten er etande eller ikkje.
Det tok meg fire-fem dagar over forfallsdato å tømme den litt for store kartongen. Mjølka held seg klumpefri, og smakte framleis godt. Hadde den faktisk fått klumpar i seg, hadde eg kanskje brukt den i rundstykker, for det har eg lært heime. For heller gammaldags enn eit miljøsvin.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.