«Er billige rekebaguettar i kantina viktigare enn borna som blir drepne i Gaza? Eg vil at du skal svare ja eller nei på dette.» Spørsmålet var spurt av ein studentpolitikar frå Raud Liste til listekandidaten for Blå Liste under Studentparlamentsvalet sin debatt førre veke.
Målet med spørsmålet var sjølvsagt å provosere, og få fram Raud Liste sin kamp for akademisk boikott av Israel. For Blå Liste var dette naturleg nok eit spørsmål dei verken ønska å svare ja eller nei på. Å sette ting på spissen på denne måten kan kanskje verke flåsete, like fullt synleggjer det dei store ideologiske skilnadene som faktisk finnast mellom dei ulike studentpartia ved Universitetet i Bergen.
Sjølvsagt finnast det mange like saker på dei ulike partia sine program. Fleire lesesalsplassar står til dømes både på Blå Liste, Studentlisten, Liberal liste og Sosialdemokratene sitt valprogram. Men tek ein seg tid til å lese programma kjem skilnadene tydeleg fram. For det er faktisk stor skilnad mellom dei som vil utfordre broilarhegemoniet og dei som meiner at det bør leggjast betre til rette for å styrke og etablere tettare band mellom næringslivet og universitetsmiljøet.
I motsetnad til nasjonal politikk er studentpolitikken ved UiB på mange måtar prega av usikkerheit. Eit år er Framstegspartiet sitt studentlag med, eit anna år ikkje. Radikal Liste som har vore med i mange år, har no brått bestemt seg for å trekkje seg ut av studentpolitikken. At useriøse lister av typen «Klikk her for gratis porno» eller «MacGyver-listen» har blitt lagt på is er etter mi meining positivt. Etableringa av slike «festlege» lister fører fort til at studentpolitikken vert latterleggjort. Men når etablerte parti ikkje stiller til val, er det tydeleg eit tap for breidda i studentpolitikken.
Studentlisten har no vunne Studentparlamentsvalet tre år på rad. Dei har klart å samle studentar på mange ulike fakultet og bodskapen deira har nådd ut til mange. På kort tid har dei klart å etablere eit nettverk som mange av dei andre listene manglar.
La oss håpe at alle listene sine standpunkt når ut til studentane på alle fakulteta og at årets Studentparlamentsval byr på valrekord. UiB-studentar har alt å vinne på at studentane sitt interesseorgan er støtta av flest mogleg studentar.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.