Mest aktive brukere »

Synspunkt.

Hipstertyranniet

Kvifor er det slikt eit hat mot hipsterkulturen, og ikkje minst opinionsleiarane bak det?

SONDRE ÅKERVIK
Sist oppdatert: 16.03.11 kl. 01.18

«Hipsteren setter seg ikke ned og lager et manifest om hvordan verden burde endre seg. Hipsteren skaper ubalanse ved å gjøre noe nytt som kanskje irriterer eller forbløffer», sa Gaute Drevdal, redaktør for magasinet SMUG, i eit innslag på NRK nyleg.

Han peiker med det på noko fundamentalt ved hipsterrørsla: Rolla som samfunnsobservatør. Uttrykket kom til USA gjennom afrikanske slavar, og vart brukt om allvitande personar som gjekk rundt og informerte folk om det nye. I moderne tid har derimot kunsten teke over denne rolla. Mot slutten av 90-talet, i Brooklyn, New York, kom den store hipsterrevolusjonen som vi kjenner den i dag. Då særleg med ein kritikk av moteindustrien.

Nettopp moten har heile vegen vore essensielt for hipsteren. Hipsteren bruker klede som eit uttrykk for sin særeigne identitet, samtidig som han viser konformitet med andre innanfor dette miljøet. Dette syner dualiteten mellom identitet og gruppetilhøyre. Hipsterar er gjerne forut for trenden, men så fort det blir kommersialisert og plukka opp av «feil folk» (les: mannen i gata), vel hipsteren å dyrke ein annan stil.

Kva har så dette av samfunnsverdi? Vel, poenget er det å stå i opposisjon og uttrykke ein motkultur til gjengse oppfatningar i samtida. Det var slik kulturen oppstod, og det er slik den er; det vere seg mote, musikk, men også større samfunnsspørsmål. Døme: Det å uniformere seg i gamle klede var ei tydeleg opponering mot merkevarepresset den gong. Marknadsliberalismen med stadig konsumering, og «bruk-og-kast»-mentalitet hadde blitt for altomfattande og kommersialisert. Og ut av dette kom den reaksjonære rørsla: Notidas hipsterkultur var fødd.

Så, for å trekke det inn i eit mikroperspektiv: Bergen er ein liten by, ergo vert hipstermiljøet lite og synleg. For å ta meg sjølv som døme. Mange kan nok lett putte meg i hipsterbåsen: Eg skriv for ein alternativ utelivsblogg, arbeider både på ein tidsriktig klesbutikk og nattklubb. Likevel, eg føler meg på ingen måte som ein hipster, og vil eigentleg ikkje vedkjenne meg den omtalen. Mykje grunna at den alltid har hatt eit negativt stempel.

Men når alt kjem til alt: Kva så om ein er hipster? Er vi ikkje alle det, all den tid det er eit evig definisjonsspørsmål om kva som gjer deg til det? Kva gale har eigentleg hipsteren gjort? Kvifor fører dette til at folk lagar bloggar fulle av hipsterhat, og akademikarar skriv bøker av typen «What Was The Hipster?» og «Look At This Fucking Hipster?», der dei latterleggjer kulturen?

«Det er vanskelig å se for seg utviklingen av sosiale medier uten hipsternes innvirkning», meiner Drevdal. Ein ny generasjon unge har mellom anna brukt Facebook aktivt i kampen mot etablerte regime, seinast i Midtausten og nord-Afrika.

Drevdal har eit poeng. Hipsteren vil alltid ha ein funksjon. Spørsmålet er berre i kva grad og korleis.

Sondre Åkervik er kulturjournalist i Studvest.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.