Mest aktive brukere »

Synspunkt.

Ja til eit enklare nynorsk

Me treng å ofra noko av valfridommen i nynorsk slik at skriftspråket kan bli meir tilgjengeleg.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT
Sist oppdatert: 06.04.11 kl. 00.35

Før helga fekk Språkrådet overlevert ei innstilling til ny nynorsk rettskriving. Formålet med arbeidet har vore å finna «ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer», ei svært viktig utfordring. Men eg er veldig i tvil om endringane som har blitt føreslått vil forenkla nynorsk. Ein har fjerna sideformer, men stort sett jamstilt desse med hovudformene av ordet. Det vil seia at ein no kan skriva både «anten» og «enten» i offentleg språk. I tillegg har ein gjort det mogeleg å skriva «dokker» i staden for «de»/«dykk». Den nye norma synest altså ikkje veldig stram, og eg trur nynorsk kunne tent på at fleire sideformer blei kutta heilt ut. Det hadde ikkje skapt eit fattigare skriftspråk, men eit enklare eitt, som ville vera tilgjengeleg for fleire.

Det var ei venninne av meg som først fekk meg til å innsjå at det trengst. Ho provoserte meg med å seia ting som: «Eg brukar utruleg lang tid på å lesa det du skriv fordi det er nynorsk.» Når folk seier slikt, reknar eg med dei har problem med å forstå nynorskord, og at dei mest av alt har vondt i viljen. Men så forklarte venninna mi at det var like frustrande med alle formene som vert godtekne i nynorsk. Sjølv har eg alltid likt nettopp dette med valfridommen, og skriv sjølv ord som ligg nærast mogeleg dialekten mi. Men etter eg vart nyhenderedaktør og byrja å korrekturlesa tekstar skrive av både konservative og liberale nynorskbrukarar, må eg innrømma at å halda oversikt over kva som er lov og ikkje i nynorsk er meir komplisert enn eg trudde. Ein kan skriva både «ynskje» og «ønske». Men ein kan berre skriva «følgje», og ikkje «følge». Eg vert forvirra, og då skjønar eg godt at bokmålsbrukarar også vert det.

Eg skal samstundes vera den første til å innrømma at å forenkla nynorsk er ei vanskeleg oppgåve. Nynorsk er eit skriftspråk som historisk har hatt nære band til talemålet, og for mange handlar det om å bevara identiteten sin. Men eg er redd forfattaren Edvard Hoem har rett når han seier til Klassekampen at nynorsk tapar på at det allnorske perspektivet blir forsømt for dialektprovinsielle synspunkt. Han meiner det er avgjerande å få vekk all unødvendig valfridom. Venninna mi er eit levande døme på at folk ikkje lærer seg nynorsk om reglane er for kompliserte å forhalda seg til. Og di meir dysfunksjonelt skriftspråket framstår, di færre brukarar vil det få. Og då kan me sitja der med identiteten og valfridommen vår. Det vil ikkje hjelpa.

Gerd Margrete Tjeldflåt er nyhenderedaktør i Studvest.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.