Mange har sett på kjernekraft som redninga når det gjeld å få ned klimagassutsleppa i verda, særleg CO2. Miljøorganisasjonane så vel som politikarar har argumentert for at dette er eit trygt alternativ til olje og gass, og det har vore framstilt som verdas moglege redning frå den globale oppvarminga. Ulukka på Fukushima-kraftverket i Japan etter det siste jordskjelvet gjer at det no blir stilt spørsmål rundt denne tenkjemåten.
Kjernekraft har lenge vore eit omstridd politisk tema i land som har satsa på dette. Det er naturleg at innbyggjarar i eit land ikkje ønskjer ein type kraftverk som slepp ut livstrugande stråling ved ei ulukke. Dette inkluderer og japanarane, sjølv om landet har satsa mykje på kjernekraft. Mange av kjernekraftverka i verda er også gamle, eldre enn tretti år. Ein kan derfor stille spørsmål ved om tryggleiken blir ivareteken fleire stader.
Eit anna problem er at svært mange av denne typen kraftverk ligg i jordskjelvutsette område. Italia var fornuftige og stengte alle sine kjernekraftverk etter Tsjernobyl-ulukka i 1986, medan land som England, Tyskland og Frankrike har satsa stort. Dette er noko Noreg kan vere uroa for. Ei ulukke ved Sellafield-anlegget i Storbritannia vil kunne sende radioaktivt avfall innover Vestlandet i løpet av få timar. Regjeringa bør i større grad legge press på Storbritannia og andre EU-land for å få dei til å revurdere kjernekraftsatsinga si.
Kjernekraft er ikkje eit godt alternativ til CO2-utslepp. CO2 er rekna som ein klimagass, men er også eit heilt naturleg stoff. Alt liv på jorda er faktisk avhengig av denne gassen. Eit anna spørsmål er også i kor stor grad dei menneskelege utsleppa av CO2 faktisk bidreg til den globale oppvarminga. Menneske har i heile den moderne tida hatt ei stor tru på at vi nærast styrer naturen og kan kontrollere mange naturlege prosessar.
Gang på gang viser det seg at vi har svært lite å stille opp med ovanfor naturen, og eigentleg ikkje kan styre noko som helst. Det gjeld nok også klimaet og global oppvarming. Prosessen er i gang, og kan truleg ikkje reverserast. Det betyr ikkje at vi kan bruke energi med vi vil og berre fortsette å spy ut CO2. Overforbruk av energi er eit problem, og det er ikkje betre å heller satse på kjernekraft. Skal noko gjerast må det vere å utvikle meir fornybar energi. Dette bør Noreg vere ein pådrivar for.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.